
Dei fleste har fått med seg at det finst heile to museum i Noreg som formidlar kunsten til Henrik Sørensen - og som liknar på kvarandre. Båe to er teikna av stjernearkitekten Bjart Mohr og bygd i store granittblokkar. Båe to ligg eit stykke inn i skogen slik at publikum må gå litt for å oppdage dei. Båe to markerer stader Henrik Sørensen vende attende til gong på gong gjennom fleire tiår, saman med ulike kunstnarvener: kunstnarkolonien på Støa i Holmsbu (Hurumlandet ved Oslofjorden), og Negarden på Smørklepp i Vinje. Båe to er bygd på initiativ av Henrik Sørensen sin son, fysikaren Sven Oluf Sørensen. Holmsbu kunstmuseum stod ferdig i 1973, Smørklepp kunstmuseum i 1991.
Dei to musea har i fleire år samarbeidd om utveksling av måleri og gjensidig marknadsføring. Etter at Holmsbu kunstmuseum blei del av Musea i Akershus (MIA) i 2024 har denne kontakten blitt formalisert. Difor kan ein i Smørklepp no sjå fleire nye måleri lånt frå Holmsbu, medan det velkjende biletet av "Gudrun i sofaen" (1916) er å sjå på Hurumlandet.
Måleria som er lånt frå Holmsbu i 2026 er desse:
Myllarguten (1926)
Oktoberbrand i Smørklepp (1951)
Kringlegarden, Smørklepp (1952)
Willy Middelfart maler i Støa (1949)
Haven blå (1961)
Formiddagssol i Støa (1954)
Velkomen til Smørklepp kunstmuseum Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle - Museum in Vinjesvingen, Vinje - Vest Telemark Museum !
I Holmsbu er det i år ei lita utstilling om Bjart Mohr og arkitekturen til båe musea. Etter planen kjem ei liknande utstilling i Smørklepp i 2027.
På gruppebiletet står desse: formidlingsansvarleg Holmsbu Mari Eriksen, stadansvarleg Holmsbu i MIA Rita Rohdin Nyhuus, museumspedagog VTM Signe Rui, Margit Nordstoga og Kari Styren frå lokalstyret ved Smørklepp kunstmuseum, områdeansvarleg MIA Per Olav Torgnesskar.
Me tek også med eit bilete som viser Henrik Sørensen sitt atelier i Holmsbu.
Vil du reise på besøk til Holmsbu kunstmuseum? Dei har m.a. ei spanande temporærutstilling med kunstnar Andreas Siqueland (bilete). Du finn meir info her: https://mia.no/holmsbukunstmuseum
| Sesong (25 Jun 2026 - 15 Aug 2026) |
|---|
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…