Utforsk Telemark

English

Norsk

Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

TypeHistoriske bygninger/miljø

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg til i reiseruten din.

Stålekleivloftet på Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Stålekleivloftet på Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Product Image
  • Product Image
  • Stålekleivloftet og Ljosdalsburet på Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Product Image
  • Garden Uppistog Vindlaus med Stålekleivloftet, Vest-Telemark museum Eidsborg.

Om

År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gått sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for findalslaft eller findalshogg, som berre i nokre få tilfelle har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349.

Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder «​​​​​​Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)», og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Dei siste prøvene som er tatt av loftet syner at det truleg er frå 1182 eller få år etter. Tidlegare datering til 1167 viser seg å vere feil. Ein har no betre datagrunnlag og tolkingsmetodar enn tidlegare, og me har også eit langt breiare prøvemateriale. 

Stålekleivloftet er ein høg og staseleg bygning i dag, men opprinneleg var denne endå meir imponerande. Undersøkingar viser at det opprinneleg var ei takhøgde på vel tre meter i andre høgda, altså 60 cm høgare enn i dag.

Rundt 1225 blei truleg sidesvalar etablert. Frontsval og muligens også sval på baksida har det vore frå starten.

Kring 1670 blei det utført ulike vølingar på loftet, og neste inngripande endring var då loftet vart lyft opp frå bakken og sett på stabbar og grime. Dette var i 1772. Dei to omfara i andre høgda har mest sannsynleg blitt teke bort i 1772.
Rundt ca.1810 vart loftet plukka ned og sett opp att på garden Uppistog Vindlaus. Svalgangen vart ikkje gjenoppbygd og novarmane vart ståande att. Dette ser me restar av i dag. 

No er planen å reetablere svalgang for betre å beskytte mellomaldertømmeret frå vær og klimaendringar. Det som då går tapt er den kjende utsjånaden med eit loft der berre rester av svalgang og front står att. Ingen inngrep blir gjort i mellomaldertømmeret.

Sjå 3D-modell av Stålekleivloftet: Stålekleivloftet 3D

Alderen er ikkje det einaste som er spesielt med loftet. Ifylge folketrua er bygningen det fyrste loftet som vart sett opp i Eidsborg, og det var ikke for kven som helst. Rundt 1200 eigde Åse Stålekleiv det meste av bygda, og var særdeles rik. Ho trengde ein stad å huse alt linet sitt, så sønene hennar bygde eit stort loft til dette formålet. Difor er loftet i daglegtale kalla Stålekleivloftet. Området ved loftet vart etter kvart ein eigen gard, kalla Lofthus. Derifrå vart loftet flytta til Vindlaus.

Åse er ikkje ein historisk dokumentert person, men det er fleire nedteikningar av segner om henne på 1800-talet. Stålekleiv er ein faktisk gard ovanfor Myklejord i Eidsborg på kanten av berget ned mot Bandak. 

Les sagnet om Åse Stålekleiv

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    97 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    105 m Unna
  3. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    147 m Unna
  1. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    180 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…

    974 m Unna
  3. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.48 km Unna
  4. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.44 km Unna
  5. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.68 km Unna
  6. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.92 km Unna
  7. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    22.56 km Unna
  8. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.80 km Unna
  9. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.62 km Unna
  10. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.68 km Unna
  11. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.87 km Unna
  12. Kviteseid gamle kyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    31.05 km Unna
  13. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    31.57 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av