Ein lærer best ved å gjere noko, seiast det.
Gjennom sommarsesongen er det mange aktivitetar ved våre museum i Vest-Telemark.
Du kan oppleve tradisjonshandverk, jordbruk som i gamle dagar, historiespel eller berre leike deg inn i historia!
Ved Norsk Skieventyr finn du Vassparken med ein 45 meter lang kopi av Morgedalsvassdraget. Her kan borna leike seg med fløyting av tømmerstokkar og produksjon av straum.
Aktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.