
Sundag 9. august kl. 15.00 kan du oppleve Njåls Saga og forteljingar om «tante Anne» på Grimdalstunet. Forteljar Tjodun Felland vil framføre Njåls Saga. Etter framføring av Njåls saga spelar Ørjan Mo Grimdalen på hardingfele og Anne Mo Grimdalen og May Mo Grimdalen fortel om «Anne Grimdalen - tante Anne - sett og høyrt i familien". Vel møtt til ein flott ettermiddag på Grimdalstunet.
Tokke Bygdekvinnelag - Styret i Anne Grimdalens Minne – Tokke Historielag
Omtale
Anne Grimdalens Minne, Tokke Bygdekvinnelag og Tokke historielag inviterer sundag 9. august til ein triveleg, spennande og hyggeleg ettermiddag på Grimdalstunet.
Kom og høyr Njåls saga framførd av forteljar Tjodun Felland. Njåls saga er den mest berømte av dei islandske ættesagane og blir rekna som dronninga av dei islandske ættesogene. Den skildrar eit samfunn der ære, lov og hemn styrer skjebnen. Gunnar frå Lidarende og Njål representerer kvar si tru; Gunnar er gamaltruande – og meir tilbøyeleg til hemn; medan Njål er kristen – og difor blir framstilt som meir fredsæl.
Etter møtet med Njål vil Ørjan Mo Grimdalen spele fengande tonar på hardingfele. «Tanteungane» til Anne Grimdalen - Anne Mo Grimdalen og May Mo Grimdalen vil formidle historiar om Anne Grimdalen. Anne Mo Grimdalen var gift med Erling Mo Grimdalen og May Mo Grimdalen er gift med Olav Mo Grimdalen. Anne Grimdalen var tanta til Erling og Olav. Denne sundagen vil Anne og May formidle kva dei har sett og høyrt i familien om bilethoggaren Anne Grimdalen og «tante Anne». Anne og May har vore lærarar og er dyktige til å fortelje på ein humørfylt og god måte.
Elles minner vi om at i underetasjen er det ein flott salsutstilling. I år har kunstnarane Kristine Hasseløy, Tone Linn Skjørestad og fotograf Ingvild Egge Ryan salsutstilling. Nytt også høve til å sjå Draumkvædet til Karl Erik Harr, og til å sitje ned i Kunstkafeen før tilstellinga.
| Sesong (9 Aug 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Søndag | 15:00 | |
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…