Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald av musea i Vest-Telemark. Desse er i dag Vest-Telemark Museum Eidsborg, Norsk Skieventyr i Morgedal, Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal bygdemuseum, Kviteseid bygdetun, Øyfjell bygdemuseum, Dyre Vaa-samlingane (Rauland), Skinnarlandsamlinga (Rauland), Myllarheimen (Arabygdi) og Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle (tidlegare Vinje biletgalleri). Me har i dag 16 fast tilsette og sysselset vel 20 årsverk.
Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen. Hovudbøle for verksemda er eit moderne museumsanlegg i unikt miljø, med utsikt til Eidsborg stavkyrkje og tunet på Uppistog Vindlaus.
STILLING LEDIG: AVDELINGSLEIAR SAMLINGSFORVALTNING
Er du historieinteressert, systematisk og strukturert? Vil du vere med å sikre, dokumentere og formidle vår kulturarv?
Vest-Telemark Museum har ei felles samlingsforvaltning for dei einingar som er tilslutta museet. Samlingane omfattar kulturhistoriske gjenstandar, kunst, foto, arkiv og boksamling. Forvaltning av dette ligg til samlingsavdelinga. Avdelinga består av to stillingar knytt til samlingsarbeidet og fotoarkivar 40% i tillegg til prosjektfinansierte ressursar. Avdelingsleiar er del av leiarteamet ved museet.
OPPGÅVER SOM HØYRER TIL STILLINGA:
- Dagleg oppfølging av samlingsavdelinga med ordning, registrering og publisering av samlingane samt drift av fellesmagasin
- Planansvar for samlingsarbeidet
- Ta del i fagnettverket for privatarkivarbeidet i Telemarksarkivet og følgje opp Bevaringsplanen for privatarkiv
- Statistikk og rapportering
- Støttefunksjon i museets formidlings- og utstillingsarbeid
- Prosjektleiing
Museet brukar fagsystemet ASTA og publiserer arkiv på arkivportalen.no og digitalarkivet. Elles er Primus det sentrale registrerings- og publiseringsverktøy for gjenstandar og foto.
Søkjar bør ha evne til god munnleg og skriftleg framstilling, og erfaring innan IKT. Det vert lagt vekt på relevant utdanning, praksis og gode samarbeidsevner. Det er ynskjeleg at søkjar har minimum mastergrad innan relevant fagkrins eller relevant erfaring frå museumsarbeid.
Stillinga er fast og 100 %. Løn etter avtale og ordna pensjonsvilkår.
Tiltreding snarast. Søknadsfrist 10. oktober.
Meir informasjon kan du få ved å kontakte direktør Dag Rorgemoen på 97 086 084 eller e-post dr@vtm.no.
Sjå elles www.vtm.no for informasjon om oss.
Søknad med vitnemål og attestar sender du til dr@vtm.no eller Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo.
INVITASJON TIL Å DELTA I DESIGN- OG STRIKKEKONKURRANSE
Er du kreativ og glad i handarbeid? Vest-Telemark Museum og Telemark Husflidslag lanserer felles tevling med flotte premiar.
Utfordringa er: Skap eit strikka plagg som er inspirert av bunad eller folkedrakt frå Telemark.
Du kan gjerne kombinere med andre teknikkar, som broderi, applikasjon, m.v. Juryen vil vurdere både kreativitet og kvalitet. Alle former for plagg er lov (vottar, skjerf, genser, sokkar, osv.)
Tips: Bruk gjerne DigitaltMuseum til å finne inspirasjon i museumssamlingane.
Det blir to klasser for deltaking:
Open klasse – uavhengig av alder, bustad, profesjonell/amatør
UNG-klasse – for deg som er yngre enn 26 år
Frist for innlevering er: 1. mars 2027
I mai 2026 opnar Vest-Telemark Museum ei utstilling som viser livsverket til strikkedesignar Irene Haugland frå Lunde. Ho har ein stor produksjon av mønster for strikk og ferdig trikotasje. Haugland er særleg kjent for å kombinere strikk og broderi, og har mellom anna henta inspirasjon frå drakttradisjonar i Telemark. Utstillinga vil vere open i to sesongar. Utvalde plagg som kjem inn i konkurransen vil bli vist i utstillinga på museet i Eidsborg og på Dyrsku’n i 2027.
Juryen består av representantar for Telemark Husflidslag, Vest-Telemark Museum, husflidskonsulenten i Vestfold og Telemark, strikkedesignar @knitbyfosse og Irene Haugland.
- premie Garnpakke frå Telespinn, verdi 3000,-
- premie Garnpakke frå Telespinn, verdi 2000,-
- premie Garnpakke frå Telespinn, verdi 1000,-
Premiering i kvar klasse.
Send inn eller levér ditt bidrag til:
Vest-Telemark Museum
Museumsvegen 9
3891 HØYDALSMO
mrk: Konkurranse
Legg ved ein tekst (ca. 1 side) der du fortel om inspirasjon og korleis du har jobba med oppgåva. Me håpar på mange bidrag!
Ta kontakt ved spørsmål, på tlf 934 39 712 eller e-post: bn@vtm.no
Prosjektet er støtta av Nomestiftinga, Sparebankstiftinga DNB og Telemark fylkeskommune.