Utforsk Telemark

EN

NO

Tradisjonshandverkarsamling - Taktekking på Ruistoga

TypeKurs

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Tradisjonshandverkarsamling - Taktekking på Ruistoga til i reiseruten din.

Product Image

Om

Sundag 20. september inviterer vi til tradisjonshandverkarsamling på Eidsborg. Arrangementet er ope for alle interesserte. Tema for dagen er: Når er det best å gjere minst mogeleg?

Tradisjonshandverkarsamling er ein uhøgtideleg måte å dele kunnskap på. Nokon gonger kan me møtast i praktisk arbeid. Andre gonger møtest me, drikk kaffi, høyrer eit føredrag og diskuterer aktuelle tema innan bygningsvern.
Høvet for denne samlinga er kunnskapsdeling og kompetanseoverføring i samband med restaureringsarbeid på Ruistoga. Arbeidet blei støtta av Kulturminner for alle, Fortidsminneforeningen, Kulturminnefondet, Ta eit tak og Tokke kommune.

Program for dagen er todelt og ope for alle. Fyrste del er på Ruiplassen, andre del på Vest-Telemark museum.

Kl. 14.00, Ruiplassen: Alice Haukelidsæter, eigar, viser og fortel på Ruiplassen. Kl. 16.00, Eidsborg: Thomas Sandvik Jacobsen, tradisjonshandverkar, viser bilete og fortel frå restaureringsarbeidet.
Kl. 16.45, Eidsborg: Else Marie Skau frå Fortidsminneforeningen fortel om høva for å søke tilskot.
Kl. 17.00, Eidsborg: Dag Feldborg, kulturhistorikar, snakkar om temaet "Av og til er det best å gjere minst mogeleg".

Etterfølgjande diskusjon og meiningsytringar i Ordet er fritt.

Pris: 100 kroner inkl. kake og kaffi. Maks 50 personar.
NB! Påmelding til post@vtm.no eller 35069090.


Hugs avstandsreglar. Handvask og sprit tilgjengeleg.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.67 km Unna
  2. Nutheim kunstutstilling

    Velkommen tilbake i 2027.

    32.01 km Unna
  3. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    32.39 km Unna
  1. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    32.61 km Unna
  2. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    32.88 km Unna
  3. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    32.89 km Unna
  4. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    32.91 km Unna
  5. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    33.83 km Unna
  6. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    34.56 km Unna
  7. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    34.91 km Unna
  8. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    35.06 km Unna
  9. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    35.58 km Unna
  10. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    35.99 km Unna
  11. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    38.08 km Unna
  12. Bjordal

    Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…

    40.01 km Unna
  13. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    40.83 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Aslaug Vaa og "den poetiske tenking" - foredrag med Stein Versto.

    Type

    Andre arrangement

    Versto seier om Aslaug Vaa at ho såg på seg sjølv som eit verktøy i diktinga, og kalla arbeidet…

  2. Avlyst! Påsketradisjonar i Noreg - foredrag ved Ørnulf Hodne

    Type

    Andre arrangement

    Folkeminnegranskar Ørnulf Hodne tek turen til Seljord for å fortelje om tradisjonar knytt til…

  3. To bokaktuelle damer, ein treskjerar og ein smed

    Type

    Museumsarrangement

    Finn Lie er ein allsidig kar. Han er god på trearbeid, og i dag kan du møte han og nokre av…

  4. Riksteatret: Kniven i ilden / Terä tulessa

    Type

    Teater

    Forboden kjærleik, sydande ishavsfiske og lækjande hender.
    Ingeborg Arvolas fengslande historiske…

  5. Folketonar med JADA og Straand på Skieventyret

    Type

    Korsang

    Vokalgruppa JADA frå Porsgrunn og Skien, kjem til Norsk Skieventyr for å fylle museet med vakre…

  6. Familiedag med brynesteinsvandring

    Type

    Andre arrangement

    Velkomen til den tradisjonelle familiedagen på Vest-Telemark museum i Eidsborg!

    Museet opnar…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av