I Seljord kommune finn du i dag tre flotte dagsturhytter, plasserte slik at du kan kombinere turen med fine naturopplevingar og utsikt over landskapet rundt deg. Hyttene er opne og gratis for alle, og er eit perfekt turmål anten du vil ha ein kort familietur, ein pust i bakken eller berre nyte roen og utsikta.
Dagsturhyttene er laga for å bli brukte. Her kan du søkje ly for vêr og vind, ete nista, bla i ei bok eller berre setje deg ned og nyte stunda. Du treng ikkje bestille, og du treng heller ingen nøkkel – det er berre å ta turen.
Dei tre dagsturhyttene byr på ulike turar og opplevingar. Finn den som passar deg best, eller legg inn eit mål om å besøkje alle tre!
Pakk sekken, ta med noko godt å ete og opplev dagsturhyttene i Seljord.