Utforsk Telemark

EN

NO

Sogevegen om Nutheim

Turforslag langs Sogevegen

  1. Utsiktspunktet i Faltdal
    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du utover Flatdal og inn i Skorveveggen.
  2. Dagsturhytta i Flatdal
    Turen til Dagsturhytta i Flatdal er ein kort og lett tur på flatmark, og passar godt for både familiar, turgåarar og syklistar. Hytta er ope heile året og er gratis for alle å bruke.
  3. Ynskjer du ein lengre tur med lunsjstopp, må du sykle frå Nordbø, om Nordbygda og Holm Landhandel og vidare til Nutheim i Flatdal, eller motsett veg. Langs denne strekningen vil du oppleve stort spenn i landskapsrom og -dramatikk.
  4. Nordbygda i Hjartdal står, saman med Svartdal, på den nasjonale lista for utvalde og særleg verdifulle kulturlandskap. For å få ei oppleving av dette, kan du ta deg ein tur langs bygdevegane. Om du syklar vestover frå Holm fylgjer du den nedre gardrekka i Nordbygda med gamle tun og jordbrukslandskap, rike på tradisjonar og forteljingar knytt til stadar og hendingar.

Overnatting og mat

  1. par sitter i hagen på Nutheim gjestgiveri i Seljord
    Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie.
  2. uteservering på Lien Fjellgård
    Lien Fjellgard tilbyr skreddarsydde opplevingar med fokus på mat, tradisjonar og kultur. Gardens gamle restaurerte bygningar gjev ei perfekt ramme for kurs, møter og selskap.
  3. Nordbø Pensjonat er et stemningsfullt gjestehus i Hjartdal. Her, i hjertet av Telemark, kan du godt nyte fjell og vidder, beite full av blomster, stille skoger og fiskerike innsjøer.

Kva du kan oppleve

  1. Holm Landhandel i Hjartdal.
    Holm Landhandel tilbyr lokale produkter og kafé. Den er åpen i helgene fra mai til august med mulighet til gruppebesøk utenom åpningstidene.
  2. Sau på Rørtveit gård
    I det historierike landskapet med styvingstre, tufter og steinsetjingar frå mange generasjonar tilbake driv folket på Rørtveit med Telemarkskyr, kjøttfe, farga spelsau og norsk kvit sau. Dei har også utegåande lykkelege grisar, gjetarhundar, høner og hest.
  3. Garden Øvre Funner i Hjartdal er ein liten familiebedrift: Funnerfellen. På småbruket driv dei med sau. Funner-familien blei veldig fascinerte av det gamle skinnfellmakaryrket som heldt på å forsvinne, og såg ein måte å skape noko varig av saueskinna.
  4. ull fra telespinn
    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av mohairgeit. Du kan besøke gardsbutikken i opningstida eller etter avtale.
  5. Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel og Kulturlandskapsskulen rett ved Hjartdal kyrkje
  6. Nystaul er ein geitestaul som driv med ysting av geiteprim (lokalt ord for geitost) og enkel servering på ein staul høgt i lendet innerst i ein veg i Åmotsdal. Med sjarmerande gardshus som klamrar seg oppetter den bratte lia er dette bustaden til budeia heile sommaren.
  7. På Kråkeroe møter du det unge paret Lina og Sondre Aasan som driv med Telemarkskyr. Her produserar dei gult, nydeleg Seljordsmør, knaost og rjome. Du kan også kjøpe eit enkelt måltid på staulen.
  8. Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og døtrene April, Åse Marit og Miriam om sommaren. Stulen ligg på omlag 700 meter over havet i eit gamalt beite- og staulsområde. Kyrne flyttar opp på sommarbeite rundt Jonsok (midtsommar) og er der til omtrent midten av august.

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av