
Startpunkt: Nordbø Pensjonat eller Nutheim Gjestgiveri
Vegomtale: Ynskjer du ein lengre tur med lunsjstopp, må du sykle frå Nordbø, om Nordbygda og Holm Landhandel og vidare til Nutheim i Flatdal, eller motsett veg. Langs denne strekningen vil du oppleve stort spenn i landskapsrom og -dramatikk.
På vegen kan du ta avstikkaren inn i Svartdal, grenda i svingen. Kjend for gullgruve, sjeldne sommarfuglar, nasjonalt utvald kulturlandskap med rikt artsmangfald, kunstnarar, spinneri og eit aktivt grendelag! Grendelaget har flytta skulehuset sitt ned til sykkelruta og laga ein særmerkt stoppestad langs ruta her.
Frå Nordbø Pensjonat fylgjer du den nedre bygdevegen framom kyrkja og Holm. Ved Tho-leet kjem du ut att på fylkesvegen og fylgjer denne til den grøne sykkelpila viser veg til venstre, over elva og opp langs den gamle ferdslevegen frå Brudalsbrekka. Når du har kome opp dei bratte kleivene, må du sjå deg tilbake i den tronge Ambjørndalen, der forteljinga om Bondeopprøret og mørke hendingar i Telemark si fortid gjer landskapsopplevinga til noko ekstra dramatisk. Sogene og forteljingane er nærverande her, og på benken på toppen kan du kvile og fordjupe deg om du vil. Vegen går vidare og du ser mot Skarsnuten og inn i Svartdal. Du fylgjer innsida av jordet på Utmoen, før du kryssar fylkesvegen der ein av Villblom-markørane står i krysset mot Haugsvold. Sykkelruta fylgjer elva Svorte inn i Svartdal. Når du kjem ut på gardsvegen Blikavegen, kan du velje å ta ein handletur oppom det lokale spinneriet Telespinn før du svingar innom skulehuset og tek ein stopp i det gamle skulehuset, der opplevinga av skulestova er den same som då skulen vart lagt ned, på 1950-talet. Vidare mot Nutheim fylgjer du Svartdalsvegen sørover til du kjem inn på fylkesvegen att i den krappe svingen. Der terrenget bikkar ved Grønnerud, kjem Skorve og Flatdalsdalen til syne, og ved Åsegardane får du utsynet over det veldige dalrommet som opnar seg mot den grøne dalbotnen og med den dramatiske Skorveveggen midt imot. Om du vil ta utsynet inn eller ta eit foto, kan du stoppe på Utsiktspunktet på Nylende. Så fylgjer du Lina (som fylkesvegen er kalla her) ned til Nutheim der du kan nyte ein betre lunsj i den hyggelege hagen med vakkert utsyn over dalen.
Både på Nutheim og Nordbø serverar dei god mat og drikke, før du syklar turen tilbake.
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Sist viste
Andre arrangement
Me gledar oss til quizkveld att. Denne gongen er det Ingunn Furuvald som er quizmaster og utfordrar…
Livssyn
Liturgisk andakt frå Seljord kyrkje 22. oktober 2021. Dag i kyrkjeåret: Fredag før 22. sundag i…
Film
Det er aldri for tidleg med litt jolestemning! På sundag blir det to jolekino på Granvin! Klokka…
Utstilling
Vi har gleda av å invitere deg/dykk til opninga på Eva Bull Holtes Museum 22. juni kl. 13.00 på…
Konsert
«Gamle slagere, uinnspella hits og nye vinklinger …». Vi ønsker Prestestranna Vel Vel Vel velkommen…
Utstilling
I galleriet med skulpturar av Knut Skinnarland er det kvart år nye separat- og salsutstillingar med…