Utforsk Telemark

EN

NO

Seljord Kyrkje

TypeArkitektur

Nyveg 3 A, 3840, Seljord

Legg Seljord Kyrkje til i reiseruten din.

Seljord kyrkje i skydekket.
  • Seljord kyrkje i skydekket.
  • Utsmykking inne i kyrkja.
  • Målerier inne i kyrkja.
  • Kyrkja fra utsida med snodekte fjell i bakgrunnen.
  • Seljord Kyrkje fra skogen på ein sommardag.
  • Seljord kyrkje og snodekte gravsteinar.
  • Seljord kyrkje opplyst på vinteren.
  • Alteret i Seljord kyrkje.
  • Altarring Seljord kyrkje.
  • Lysglobe inne i Seljord kyrkje.
  • Gamle teikningar i kyrkja.
  • Gamle teikningar i kyrkja.
  • Gamle teikningar i kyrkja.
  • Kyrkjegangen.
  • Landstadmonumentet.
  • Snødekt Seljord kyrkje.
  • Utskjæringar inne i Seljord kyrkje.

Om

Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På nord-vest hjørnet er det hogge ut eit andlet som etter ei segn skal vere heilagkongen. Ei segn fortel også at kyrkja vart bygd av ein tusse. Da bygningen var ferdig, datt tussen ned og slo seg i hel. Der han datt, veks det ikkje gras den dag i dag. Altertavla i kyrkja er frå 1588 og døypefonten frå 1600-talet. Riksantikvaren leidde ei omfattande restaurering avslutta i 1972. 

Seljord kyrkje er ei steinkyrkje i romansk stil, bygd mellom 1150 og 1180 og restaurert av Riksantikvaren frå 1965 til 1972. Kyrkja har avlangt skip og tilnærma kvadratisk kor med apside, det vil seie i halvbogeforma avslutning. Våpenhuset i vest er frå omkring 1630 og bygd i stavkonstruksjon. Takryttaren, som er frå 1710, vart i forbindelse med restaureringa tjæra for å passe betre til våpenhuset. Kyrkja si einaste skulpturutsmykking finnast på hjørnet av skipet mot nordaust og førestiller eit mannshovud med kraftig skjegg. Kyrkja er via til St. Olav.

Vindauga mot syd i både kor og skip er utvida fleire gonger, seinast i 1831, mens vindauget i apsida har opphavleg form. Korbogen mellom skip og kor er bevart. I forbindelse med restaureringen av kyrkja, vart det avdekka kalkmåleri frå 1600-talet av draperi og bordar på veggane i koret. Den sylinderforma preikestolen frå 1832 er dekorert med Den norske løva, som er eit sjeldant motiv på norske preikestolar. Løva er laga i intarsia med ulike innlagde tresortar.

Altertavla frå 1588 er den eldste etterreformatoriske altertavla ein kjenner i Noreg. Motivet er Moses og Aron og lovtavlene med dei ti bod, og i toppstykket ser ein Jahve-teiknet. Dei to gipsfigurane i kyrkja førestiller Peter og Paulus og er laga av den lokale skulptøren Olav Glosimot (1821-1901). Figurane stod opphavleg på alteret og flankerte den dåverande altertavla, måleriet av Nattverden, som no heng over sørportalen og er måla av Harald Lassen i 1879.

Open kyrkje i juli med moglegheit for historieforteljing. Ta kontakt med Seljord kyrkje for meir informasjon.

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • bygget - 1100
  • ombygget - 1972

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse til kollektivtransport

BussHaukeliekspressen Setesdalekspressen Timeekspressen

Kontakt

909 51 409

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    634 m Unna
  2. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    940 m Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    1.26 km Unna
  1. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    1.62 km Unna
  2. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    2.61 km Unna
  3. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    7.20 km Unna
  4. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    8.69 km Unna
  5. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    8.95 km Unna
  6. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.01 km Unna
  7. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    9.63 km Unna
  8. Nutheim kunstutstilling

    Velkommen tilbake i 2027.

    10.27 km Unna
  9. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    12.03 km Unna
  10. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    12.86 km Unna
  11. Bjordal

    Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…

    20.74 km Unna
  12. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    29.26 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Haustmarknad på Dalen

    Type

    Andre arrangement

    Laurdag 25. september arrangerar Dalen Næringssamskipnad Haustmarknad på Dalen.

    Lokale aktørar…

  2. AVLYST! Turist i gamle dagar

    Type

    Historie

    Lær meir om reiselivet i Telemark på 1800-talet!

    Nasjonalt tema for Arkivdagen 2020 er fritid,…

  3. Rui-jentene som teater!

    Type

    Skuespill

    Førpremiere på Vest-Telemark Museum Eidsborg Teater Fabel viser historia om systrene Ingerine og…

  4. Haustfest i Morgedal

    Type

    Folkefest

    Program for dagen: 

    11.00 gratis inngang i Skimuseet m/ skattejakt for borna.

    12.00 4H…

  5. Kveldsmesse Flatdal kyrkje

    Type

    Livssyn

    Kveldsmesse med nattverd i Flatdal kyrkje 14. august 2022 kl 19,00

  6. 17.mai feiring

    Type

    Andre arrangement

    Bli med å feire nasjonaldagen med oss?
    Velkommen til ei høgtideleg og stemningsfull…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av