
Ta turen til Pumpehuset – ei lett tilgjengeleg dagsturhytte midt i det populære nærturområdet Eventyrøy i Seljord.
Pumpehuset er den fyrste dagsturhytta i Telemark og held til i eit tidlegare pumpehus som har fått nytt liv. Her er det lagt til rette for ein inkluderande møteplass i naturen, der både fastbuande og tilreisande kan ta ein pause, møtast og nyte nærområdet.
Dagsturhytta er ein del av satsinga «Dagsturhytter i Telemark», der eksisterande bygningar blir tekne vare på og rusta opp. På den måten blir lokal kulturarv kombinert med friluftsliv, gjenbruk og berekraft. Dagsturhytta er gratis og nytte og står alltid open for besøkande.
I dagsturhytta er det mogleg å lese bøker, fyre og nyte nista si.
Eventyrøy er eit mykje brukt idretts- og friluftsområde i Seljord, og Pumpehuset passar godt som mål for ein enkel nærtur. Dagsturhytta skal vere ein stad der alle kan kjenne seg velkomne, og det er lagt vekt på god tilkomst og inkluderande løysingar.
Ta med niste og noko godt på termosen, og legg turen innom Pumpehuset neste gong du vil ha ein enkel og hyggeleg tur i Seljord.
Visste du at?
Pumpehuset på Eventyrøy var den aller fyrste dagsturhytta som opna i Telemark. Målet med satsinga er at alle kommunane i Telemark etter kvart skal få si eiga dagsturhytte.