
Distanse: ca. 1,3 km
Tid: ca. 1 time
Vanskelegheitsgrad: Lett
Turbeskrivelse:
Seljord Turlag har ei dagsturhytte du kan låne. Og den ligg ca. 150 meter frå Ballongfararsteinen. Ballongfararkoia blei bygd til 150-års markeringen av Ballongferda. Håkon Telnes Fjågesund og hans gjeng har bygd koia. Du må kjøre opp igjennom Stigfjellvegen på Manheim til du ser skiltinga. Bomveg på 75,- ved Strand. Dette er eit historisk område og flott villmark. Rett over kan ein sjå berga på Lifjell med Astridnatten nærast.
Hytta er ope heile året og er gratis for alle å bruke.