
Finn Lie er ein allsidig kar. Han er god på trearbeid, og i dag kan du møte han og nokre av produkta hans på husmannsplassen til Vest-Telemark museum i Eidsborg.
Dit kjem også Eli Vesaas og Sigrunn Lie Brattekås. Dei står bak boka «Bunadband i Telemark».
Dette seier forlaget om duoen:
«Eli Vesaas har halde kurs innan bandveving i mange år, og har produsert og samla mykje kursmateriale. Det er fyrst og fremst plukketeknikk på grind ho har arbeidd med, men ho har også god erfaring med plukkteknikk på den gamle vevereiskapen bandstøre.
Sigrunn Lie Brattekås har skrive flere bøker med handverk som tema, og har dei siste åra interessert seg særlig for plukkebanda i Telemark. Saman har dei laga ei vevbok der du får opplæring i plukkeband på grind og bandstøre og ei innføring i historie og tradisjon kring desse banda»
Steinar Mandt blir også med i dag. Han skal få i gang Liosmia på tunet.
Sist viste
Livssyn
Digital liturgisk andakt frå Seljord kyrkje. Musikk: Organist Anne Vik. Liturg: Sokneprest Dag…
Konsert
Velkommen till den årlege Adventskonserten fyrste søndag i advent med Seljord songlag akkompagnert…
Andre arrangement
Den faste onsdagskafeen i Kunstlåven er åpen.Velkomen til ein lun og hyggeleg atmosfære med…
Konsert
Gratiskonsert med Ni Liv under bygdenatt på gamle Rema 1000 tomta.
Ni Liv er eit americana-band…
Familie/barn
Vil du lære å lage teikneserie? Da kan du bli med på kurs for nybyrjarar, med Tore Strand Olsen som…
Marked/Martna
Straand Hotel i Vrådal har gleden av å ønske velkommen til Smaken av Fjell-Telemark weekenden 28.…