
Me markerar Norsk Skieventyrs 30-årsjubileum, og er så heldige å få besøk av sjølvaste Thor Gotaas i samband med arrangementet!
26. november 1993 opna Norsk Skieventyr i Morgedal – dagen før fakkelstafetten til Lillehammer-OL starta frå Øvrebø, fødestaden til skipionéren og morgedølen Sondre Norheim.
Ideen var at Norsk Skieventyr skulle vere eit opplevingssenter, der skihistorie ville bli formidla med spanande, audiovisuelle verkemedel. Bygget åleine kosta 22 millionar og var eit spleiselag mellom privatpersonar, kommunar i Telemark, fylkeskommunen og Disktriktenes utviklingsfond. Prosjektet var eit dristig forsøk på å setje Morgedal og Telemark på kartet i samband med OL og fakkelstafetten. Den økonomiske risikoen var stor og senteret gjekk nesten konkurs både før og etter opning. Alt i 1994 blei Skieventyret slått saman med det godt etablerte Olav Bjaaland-museet, og den audiovisuelle løypa blei erstatta med ei meir museumsfagleg kuratert skihistorisk utstilling. Dyktige fagfolk bidrog til at Skieventyret i dag er eit fullverdig skimuseum, der ein framleis kan oppleve nokre av dei audiovisuelle høgdepunkta frå 1990-talet.
Vest-Telemark museum markerer 30-årsdagen med ei tilstelling med følgjande program:
Velkomen ved Norsk Skieventyr A/S, ved styreleiar Tarjei Gjelstad
«Bygda der OL-entusiasmen starta». Orientering om arbeidet med jubileumsutstillinga 2024, ved formidlingsansvarleg hjå VTM, Tilman Hartenstein
Helsing frå Jakob og Anne Grete Dyrkolbotn
«OL-floka» - allsong med Einar Heggtveit
«Moderne skihopping starta i Telemark – hoppsporten og bakkenes historie frå 1800-talet fram til i dag». Føredrag ved forfattar Thor Gotaas
Thor Gotaas er folkeminnegransker og forfattar. Han har utgjeve over 45 kulturhistoriske bøkar med folkloristisk vinkling, og er ein etterspurt føredragshaldar. Gotaas har halde langt over tusen føredrag, og er mykje brukt som skihistorikar i NRK og andre kanalar, og som gjest i ulike podkastar.
Bjaaland bygderestaurant / Kantina til Bjaaland serverer middag frå kl. 14. Mat er ikkje inkludert i billettprisen.
Inngang arrangement med føredrag: kr 200,-
(Foto/omslag: Magnus Kinapel/Gyldendal)
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Sist viste
Museumsarrangement
Mattis Kleppen frå Bø har patentert og perfeksjonert slåttespel på akustisk bass. Etter…
Museumsarrangement
I dag er det sesongopning på Åmdals Verk gruver. Museet opnar kl. 11.00, og kl. 17.00 blir det…
Utstilling
QUEEN OF SKIS
Sidan 2009 får kvinner delta i VM i skihopp. Men kvinnelege skihopparar fantes…
Sykkel
Startpunkt: Nordbø Pensjonat Vegomtale: Frå Nordbø Pensjonat syklar du austover langs fylkesvegen…
Konsert
Smedalstemne - konsert og fylkeskappleik 2019 I år er det 130 år sidan spelemannen Eilev Smedal…
Festival
Countryfestivalen 23. – 27. juli 2025 -Nordens største Countryfestival
Countryfestivalen Seljord…