Utforsk Telemark

EN

NO

Temporærutstilling Norsk skieventyr 2020

TypeUtstilling

Vårstaulvegen 2, 3848, Morgedal

Legg Temporærutstilling Norsk skieventyr 2020 til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

QUEEN OF SKIS

Sidan 2009 får kvinner delta i VM i skihopp. Men kvinnelege skihopparar fantes alt 80 år tidlegare! Johanne Kolstad (1913-1997) frå Dokka i Nordre Land (Oppland) er den mest kjende av dei.

I 1931 hoppa Johanne 46,5 m i Midtstubakken i Oslo – lengre enn nokon annan kvinne før henne. Skiforbundet blei spurt om ein ikkje kunne sleppe til kvinner i Holmenkollen, men major Finn Qvale ga avslag: «Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken!».

Johanne måtte til «sirkus» i USA for å bli anerkjent. Ho reiste til Chicago tidleg på 1930-talet, der 20.000 tilskodarar såg ho hoppe! I fem år turnerte ho med store ski- og is-show i Nord-Amerika, og i 1938 sette ho ein verdsrekord (72 m) som heldt seg heilt til 1973! «Queen of skis» blei ho kalla over there.

Utstillinga fortel historia om hoppdronninga som ikkje fekk lov å konkurrere. Men populær var Johanne Kolstad – ho fekk opne hopprenn over heile Noreg, ofte saman med makker Hilde «Nusse» Braskerud.

Utstillinga er laga av barnebarna til Johanne, brørne Knut og Ole Aastad Bråten. 

Visste du forresten at også Vest-Telemark hadde sin kvinnelege hopp-pionér på same tid? Det var Astrid Lauvnes frå Akkerhaugen (den gongen Kviteseid). I 1930 opna ho eit hopprenn i Rugtvedtkollen, berre 14 år gamal, med eit hopp på 30 m. Overskrift i Varden: «En tapper skidame.»

 

Alle bilete: privat (Ole og Knut Aastad Bråten)

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    1 m Unna
  2. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    10.14 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    11.97 km Unna
  1. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.30 km Unna
  2. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    12.33 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.57 km Unna
  4. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    12.58 km Unna
  5. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.63 km Unna
  6. Nutheim kunstutstilling

    Sommarutstilling 2026 - Tor Hansen med familie
    Åreste hovedutstiller er Tore Hansen som…

    12.65 km Unna
  7. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    12.98 km Unna
  8. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    13.10 km Unna
  9. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    13.40 km Unna
  10. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    13.64 km Unna
  11. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    14.42 km Unna
  12. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.80 km Unna
  13. Blika gullgruve

    I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…

    14.83 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Julekonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad

    Type

    Konsert

    Julekonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad i Hjartdal kyrkje.

    Søndag 14. desember 2025 kl…

  2. Utstillingsopning eller konsert - eller begge delar!

    Type

    Museumsarrangement

    Velkomen til norsk-amerikansk sundag på museet i Morgedal!

    Denne dagen byr me på både…

  3. Salsutstilling Reidar Kolbrek på Dyre Vaa-samlingane 2021

    Type

    Utstilling

    Reidar Kolbrek (f. 1939)

    Sjølv om han er fødd i Hokksund har Reidar sidan 1974 gjort…

  4. Førjulsmarked og julegrantenning hos Hegna Landhandel

    Type

    Marked

    Hegnaland ønsker å invitere til
    vårt tradisjonelle Førjulsmarked!

    Få start på julestemninga hos…

  5. Villblomveg og utsyn frå Øverbø

    Type

    Sykkel

    Startpunkt: Nordbø Pensjonat  Vegomtale: Frå Nordbø Pensjonat syklar du austover langs fylkesvegen…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av