Utforsk Telemark

EN

NO

Kurs i skifertekking for handverkarar

TypeAndre arrangement

Kviteseidgata 29, 3850, Kviteseid

Legg Kurs i skifertekking for handverkarar til i reiseruten din.

Kurs i skifertekking for handverkarar, Bygningsverntenesta og Vest-Telemark museum.

Om

Skifertekkingskurs for handverkarar

Bygningsvernstenesta inviterer i samarbeid med handverkar Thomas Sandvik Jakobsen til skifertekkingskurs i Kviteseid 12., 13. og 14 mai.

Kurshaldar er Odd Arne Rudi frå Øystre Slidre i Valdres. Odd Arne har lang erfaring med skifertekking, og han har halde mange kurs både i sitt eige område og rundt omkring i landet. Det var skiferbrudd fleire stader i Noreg, også i Vestfold, men i Telemark var det ingen skiferbrudd som leverte takskifer. Her blei skiferen importert mellom anna frå Valdres. Skifertekking på den tradisjonelle måten er ein kunnskap og ein kompetanse som me etter kvart ikkje har mykje att av i fylket. Det er eit behov i Vestfold og Telemark for fleire handverkarar som har slik kunnskap og som både kan reparere og tekke skifertak. Skifertekking er ein svært varig tekkingstype og den høyrer heime på mange tak i vårt fylke.

I samband med kurset vil det bli arrangert ein kveldsvandring i Kviteseidbyen og eit kveldsforedrag med Odd Arne Rudi.

På kurset vil Odd Arne gå igjennom skadeårsakar, utmåling, reparasjonsmåter og nytekking med skifer. I tillegg vil det på kurset og føredraget tas opp tema som:

Verktøy, festemidlar, material og materialkvalitet

Skifertyper og kvalitetar

Undertakstyper

Historikk. Gamle og nye teknikkar

Reparasjonsmetoder og det å skifte delar av tak. Kvifor ikkje byte heile taket?

Snøfangarar

Takrenner og blikk

Kurset er retta mot handverkarar. Det er plass til åtte deltakarar. Kursdeltakarar må sjølv halde seg med ordinært verneutstyr, som hjelm, vernesko, hanskar og briller. Sikkerhet og sikkerhetstiltak blir gjennomgått før oppstart av arbeid på stillas. Odd Arne har med seg skifertekkingsverktøy for sal.

Kurset blir halde på taket til Fru Ruud i Kviteseidgata 29 og er gratis. Deltakarar tar sjølv med seg niste eller avtalar seg imellom om lunsj på ein lokal kafé.

Fredag 12. mai kl. 0800-1600

Lørdag 13. mai kl. 0800-1600

Søndag 14. mai kl. 0900-1400

 

Påmelding innan 2. mai til Trond Arild Pedersen, Bygningsverntenesta i Telemark.

E-post: tap@vtm.no, mobil 468 86 138.

Andre førespurnader, t.d. om overnatting, rettast til Thomas Sandvik Jakobsen.

E-post: thomas_san_jak@hotmail.com, mobil 986 41 431.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

46886138

Også i nærheten

  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    5.48 km Unna
  2. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    9.35 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    12.08 km Unna
  1. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.21 km Unna
  2. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    12.66 km Unna
  3. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    12.71 km Unna
  4. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    12.72 km Unna
  5. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    13.72 km Unna
  6. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    15.26 km Unna
  7. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    18.09 km Unna
  8. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    18.11 km Unna
  9. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    18.21 km Unna
  10. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    19.00 km Unna
  11. Nutheim kunstutstilling

    Sommarutstilling 2026 - Tor Hansen med familie
    Åreste hovedutstiller er Tore Hansen som…

    19.00 km Unna
  12. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    19.04 km Unna
  13. Bruredynnan

    Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…

    19.06 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Friluftsskolen i Seljord - uke 33

    Type

    Andre arrangement

    Friluftsskolen er et ferietilbud i nærmiljøet for barn og ungdom, primært for 10-13-åringer (født…

  2. Riksteatret: Verdens nest kuleste forestilling

    Type

    Teater

    Så morosam at ein aldri treng å gå på teater igjen!Drøymer du om å sjå ei teaterforestilling om det…

  3. "Sørleg jul" - Jolekonsert og jolemat

    Type

    Konsert

    Nåtti er mørk, det nærmar seg jol.
    Det er ei tid for å samlast og hygge seg. Denne kvelden kan du…

  4. Joleope på Holm Landhandel

    Type

    Andre arrangement

    JOLEOPE
    Holm landhandel
    Holmsvegen 102, 3690 Hjartdal
    Ope 12:00-16:00
    Det blir jolestemning med…

  5. Ein litt bob, bob, bob jolequiz

    Type

    Andre arrangement

    Det var ein mørk og stormfull aften.... Fredag 13. desember vert det arrangert (ein litt bob, bob,…

  6. Duo-konsert "Ein må vere to"

    Type

    Konsert

    Seljord Songlag leverer rytmiske og friske tolkningar av kjende melodiar frå kjende duoar. Solist:…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av