
Museumsbygget på Grimdalstunet feirar 50-årsjubileum 11. august!
Skulpturbygget med samlinga av skulpturar etter Anne Grimdalen vart offisielt opna 1. juli 1973. Denne dagen hadde bygdefolket og kommunen sett fram til gjennom mange år.
50-årsjubileet vil bli feira på Grimdalstunet med eit variert og stort program.
Dagfinn Midtbø vil orientere litt om tida frå då Anne Grimdalen døydde i 1961 til Tokke kommune tok over museet i 1964, og arbeidet fram til opninga i 1973. Det blir solide musikalsk innslag ved felespelar Torgeir Straand. Leif Arild Sanden spelar rolla som Henrik Sørensen. Kunstnar Henrik Sørensen kjende godt til Anne Grimdalen. Han kalla henne for «Eventyrjenta i norsk kunst».
Den kjende kunstnaren Karl Erik Harr vil koma med ei helsing. Karl Erik Harr har stor tilknytning til Grimdalstunet. Han har måla dei flotte bileta frå Draumkvædet – ca. 30 måleri som er utstilt i skulpturhuset. Harr har gjennom ei årrekkje fortald om den store skaparevna som bilethoggar Anne Grimdalen hadde.
Det blir helsingar frå ordførar Jarand Felland og direktør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark museum.
Vidare vil Erling Mo Grimdalen kome med helsing frå familien og barnebarnet til Erling, Ørjan Grimdalen, vil spele fele, og det blir allsong.
Velkomen til ein hyggeleg kveld!
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Sist viste
Næringsliv
For to år siden Arek Smich har svømt Seljordsvatnet på langs (15 kilometer) Den 27. august han vil…
Gjestgiveri
Ta i bruk sansane og nyt smak, historie, estetikk og ro på Nutheim.
Nutheim, kunstnarhotellet…
Museumsarrangement
Nunna Solbjør bakar brau på tunet i dag frå 12 - 15. Kom og sjå, lukt, smak og lytt! Me har ny…
Fjelltur
Den 7 km lange Skarsvegen gjeng frå Svartdal til Åmotsdal. Frå gamal tid var han hovudvegen frå…
Shoppingsenter
Velkommen innom Vest-Telemarks største kjøpesenter. Her finn du eit stort utvalg av butikkar. Enkel…
Barneteater
Når "Dukketeateret" syner "Sirkus Buster" møter vi den gamle klovnen som fortel om den gongen dei…