Utforsk Telemark

EN

NO

Sentrumsvegen

TypeTurstier

3840, Seljord
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Opplev Seljord til fots eller på hjul langs den flotte turvegen som går gjennom sentrum og tett på Seljordsvatnet. Turvegen startar ved Dyrskuplassen og går forbi Sjøormen Kro, vidare langs vatnet forbi Skutevollen og gjennom vakre Eventyrøy.

Eventyrøy er eit naturleg høgdepunkt på turen og ein fin stoppestad for både aktivitet og avslapping. Her finn du eit aktivitetsområde der du kan ta ein pause frå turen, besøkje dagsturhytta eller nyte varmen i badstoga på kalde dagar. Med nærleiken til Seljordsvatnet og fine omgjevnader er Eventyrøy ein stad der du kan senke tempoet, vere i aktivitet eller berre nyte ei roleg stund ved vatnet.

Vil du forlenge turen, kan du krysse E134 ved Vallaråbrui og halde fram til Sjøormtårnet – eit spennande utsiktspunkt ved Seljordsvatnet. Frå turvegen kan du òg ta fleire avstikkarar opp til ulike stader og tilbod i sentrum.

Turvegen er flat, brei og grusa, universelt utforma og godt skilta og merka. Det gjer han godt eigna både for deg som vil gå, trille eller rulle. Langs ruta vil det etter kvart òg kome formidlingsskilt som fortel meir om området, naturen og historia du møter på vegen.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35 05 04 00

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av