Utforsk Telemark

EN

NO

Seljord - Kviteseid via Telemarkskanalen

TypeSykling

3840, Seljord
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • syklister som raster ved Fjågesund soveboks

Om

Praktisk informasjon

  • Vanskelegheitsgrad: Krevjande
  • Distanse: 74,4 km
  • Tidsbruk: 7 timar
  • Terreng: Asfalt/grus
  • Passar for: Vaksne/el-syklar
     

Turbeskrivelse

Dette er ein flott rundtur som kan starte både i Seljord og i Kviteseid sentrum. Turen tar deg gjennom eit vakkert og variert landskap, og du kan kikke etter den myteomspunne sjøormen i Seljordsvatnet og nyte den flotte opplevinga å sykle langs Telemarkskanalen. Ta deg tid til å sykle ned til kanalbrygga når du kjem til Fjågesundbrua. Her er det tilrettelagt for overnatting for syklistar og padlarar i det gamle pakkhuset. Planlegg gjerne ei natt her. Dersom soveboksen skulle vera opptatt er det plass til å setje opp telt ved sidan av. Det er tilrettelagt med toalett, straum, senger og ein liten kjøkkenbenk. Ta med mat og sovepose.

Ønskar du å gjera sykkelturen til ei endå større oppleving, så kan du ta delar av turen på ein av kanalbåtane. Det er mogleg å ta kanalbåt frå Fjågesund brygge ved å bestille billettar på førehand på telemarkskanalen.no eller ringe bookingtelefonen i god tid før
påstiging, slik at dei kan køyre innom: Tlf + 47 409 200 00. For påstiging ved Kviteseid brygge, sjå rutetabell på telemarkskanalen.no.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35 05 04 00

Sist viste

  1. Handverk i husmannsstoga: Hakking og veving

    Type

    Museumsarrangement

    Lyst til å vete meir om hakking og veving? Hakking er ein handarbeidsteknikk som også går under…

  2. Vi leser saman - Kniven i ilden av Ingeborg Arvola

    Type

    Andre arrangement

    Vi inviterer til ein uformell lesesirkel der vi saman leser romanen Kniven i ilden av Ingeborg…

  3. Bli med og stift lokallag i Vest-Telemark!

    Type

    Andre arrangement

    Hei, alle gode eldsjeler som interesserar seg for gamle hus, tun og tradisjonar.

    Ein liten…

  4. Ope møte om kommunebudsjett i Seljord

    Type

    Andre arrangement

    Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) inviterar til ope møte om kommunebudsjett på Granvin 2.…

  5. Seljord Revylag: Brøløs på kanten

    Type

    Andre arrangement

    Seljord Revylag er tilbake med ny revy og nye sprell frå scenen
    Gjengen har skrive ferske tekstar…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av