Utforsk Telemark

EN

NO

Hattefjell

TypeVandring

3840, Seljord

Legg Hattefjell til i reiseruten din.

Benk og utsikt fra Hattefjell.
  • Benk og utsikt fra Hattefjell.
  • Postkasse og utsikt fra Hattefjell.
  • Benk, postboks og utsikt fra Hattefjell.

Om

Hattefjell er ein kort, men krevjande fottur som byr på spektakulær utsikt over Seljord og fjella rundt. Frå toppen ser du rett ned på Åsheimgrendi og vidare mot Skorve, Mælefjell og Lifjell.

Praktisk informasjon

  • Distanse: 2,5 km
  • Tid: 1,5 time
  • Nivå: Krevjande


Om turen
Merka sti startar ved ei fjellskjering på vegen mot Bråten. Det fyrste stykket meir eller mindre bratt stigning gjennom skogen før ein kjem inn på ein breiare sti som endar på Hattefjellmyri. Herifrå merka, bratt sti til toppen der det er ei fantastisk utsikt over Seljord og mot Skorve, Mælefjell og Lifjell.

Frå toppen ser ein rett ned på gardane i Åsheimgrendi. I tidlegare tider var dette storgardar i Seljord, og det er mange hendingar og historier knytt til denne delen av bygdi, bl.a. soga om Ståle Åsheim.

Alternativ rute:
Ved Hattefjellmyri kan ein fylgje merka sti vestover til trivelege Tjønnstaul med gamle sæterbygningar. Stien er delvis litt utydeleg. Gangtid frå Hattefjellmyri: ca 1t

Slik kjem du deg til Hattefjell
For å komme deg frå Seljord sentrum til startpunktet for fotturen til Hattefjell, følg​​ vegen mot Brøløs. Frå Brøløs, følg vegen mot Bråten. Køyreavstanden frå Brøløs til Bråten er om lag 2,5 km. Stien til Hattefjell startar ved ei fjellskjering på vegen mot Bråten. Her er det mogleg å parkere bilen langs vegen.

Kart finn du ved å laste ned Fintur-appen!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35050400

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    1.11 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    2.55 km Unna
  3. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    2.81 km Unna
  1. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    3.12 km Unna
  2. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    3.57 km Unna
  3. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    4.11 km Unna
  4. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    7.95 km Unna
  5. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    8.05 km Unna
  6. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    8.55 km Unna
  7. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    8.87 km Unna
  8. Nutheim kunstutstilling

    Velkommen tilbake i 2027.

    9.25 km Unna
  9. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.66 km Unna
  10. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    11.21 km Unna
  11. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    13.17 km Unna
  12. Bjordal

    Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…

    20.65 km Unna
  13. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    27.72 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av