Utforsk Telemark

EN

NO

Ballongfararsteinen

TypeTurstier

3840, Seljord

Legg Ballongfararsteinen til i reiseruten din.

To personer går på en tursti i skogen på høsten
  • To personer går på en tursti i skogen på høsten
  • Mann sitter på en benk og ser mot Ballongfararsteinen
  • To personer sitter i solveggen ved koia på Ballongfararsteinen
  • To personer går på en tursti i skogen
  • Kart til Ballongfararsteinen

Om

I november 1870 var Paris under beleiring av Preusiske styrkar. Paris var avskore frå omverda, og for å få ut livsviktig kommunikasjon til franske militære styrkar bak dei preusiske linjene, brukte dei varmluftsballongar. I slutten av november 1870 blei ein ballong sendt opp frå Paris. Ballongen blei tatt av ein kraftig vind. 15 timar seinare hoppa to franske ballongfarerar ut i eit snødekt landskap på Lifjell i Telemark. Den første luftferda over Noreg var eit faktum.

I dag er det ein tursti hit som passa for alle aldre og aktivitetsnivå.

Praktisk informasjon

  • Distanse: 2,6 km
  • Tid: 30 min
  • Vanskelegheitsgrad: Enkel
  • Bomveg: 100 kr

 

Om turen
Ein lett tilgjengeleg tur som passar godt for både barnefamiliar og dei som ønskjer ein kort tur med utsikt og historie.

Frå parkeringsplassen øvst i Stigfjellet (ved enden av vegen) startar du på grusveg. Etter nokre hundre meter tek du av til venstre på merka sti som du følgjer oppover til du kjem til Ballongfararsteinen. 

Her ligger også ein flott dagsturhytte som det er fult mogleg å nytte seg av. 

Alternativ rute:
For dei som ønskjer ein lengre og brattare tur, går det òg ann å gå frå botnen av Stigfjellet. Då blir ruta betydeleg lengre og brattare, og passar for dei som likar litt lengre turar.

Slik kjem du deg til Ballongfararsteinen
Køyr frå Seljord sentrum langs rv 36, avkjørsel til Strond-gardane (Stigfjellvegen) ca. 10km frå Seljord sentrum. Følg så Stigfjellvegen forbi garden Strond. Her er det skilta til Ballongfararsteinen. Følg vegen vidare forbi garden Manheim og heilt inn til parkeringa (6-7 km frå rv. 36).  Flott utsikt mot Seljord og Seljordsvatnet på veg oppover.

Kart finn du i turistinformasjonen eller ved å laste ned Fintur-appen!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35050400

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    3.67 km Unna
  2. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    8.64 km Unna
  3. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    9.20 km Unna
  1. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    10.05 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    10.20 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    10.48 km Unna
  4. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.65 km Unna
  5. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    17.04 km Unna
  6. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    17.20 km Unna
  7. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    17.62 km Unna
  8. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    18.01 km Unna
  9. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    18.62 km Unna
  10. Nutheim kunstutstilling

    Velkommen tilbake i 2027.

    18.91 km Unna
  11. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    20.18 km Unna
  12. Bjordal

    Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…

    26.51 km Unna
  13. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    37.86 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Pinsestevnet for Islandshest

    Type

    Sport

    NIHF inviterer til Pinsestevnet på Dyrskun i Seljord 4-6.juni.

    Av Stein Larsen –…

  2. Høgmesse Seljord kyrkje

    Type

    Livssyn

    Høgmesse med dåp og nattverd i Seljord kyrkje.

  3. Kviteseidmarken

    Type

    Marked

    Kviteseidmarken blir arrangert i Kviteseidbyen kvart år i midten av februar. Høgdepunktet er det…

  4. Spikking og trearbeid

    Type

    Museumsarrangement

    Gjermund Nordskog og Helge Bitustøyl har lang erfaring med å forme og dekorere tre. Dei er to av…

  5. MC ENTUSIAST?

    Type

    Andre arrangement

    Velkommen til Straand treffet 2019, helgen 20-22 september. Book rom og planlegg en flott…

  6. Frå ull til tråd

    Type

    Museumsarrangement

    Museumsbonden har sauer på beite i Eidsborg. Det er rasen Gamal norsk spel. Han vil syne korleis…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av