
Reidar Kolbrek (f. 1939)
Sjølv om han er fødd i Hokksund har Reidar sidan 1974 gjort raulending av seg. Han reiste tidleg til sjøs og etter Statens Håndverk og Kunstindustriskole på slutten av 50-talet byrja han som reklameteiknar.
Etter eit studieår i Spania der han teikna og måla akvarellar med bymotiv og landskap rundt Valencia, debuterte han i 1969 her i landet med desse arbeida. Kritikarane rosa måten han fekk fram dei spanske landskapa med det spesielle lyset. Framover blei det mange kollektivutstillingar og over 100 separatutstillingar i inn og utland.
Etter at Kolbrek kom til Rauland henta han fyrst og fremst motiv frå øvre Telemark. Sommarenger og fruktblomstring - seinare skog, fjell og fossar. Han er glad i naturen og særleg skogen. Mykje av tida sto han ute og måla - det var viktig å stå under open himmel, kjenne på naturen for så å skape ærlege skildringar i måleria.
Han bruka kraftige fargar og blir av og til kalla ein “gamaldags modernist” - lag på lag med måling slik at arbeida får ein kraftig overflatestruktur.
På 80-talet måla Kolbrek religiøse motiv, store og små Kristusbilete. Han målar framleis og nok ei gong har han skifta tema og uttrykk……
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…