
Sommarutstillinga 2025 på Kunstlåven i Seljord
Seljord Kunstforening inviterer til ein mangfaldig og innhaldsrik sommarutstilling på Kunstlåven sommaren 2025.
Hovudutstilling: NK Sør-Norge 50 år
Årets hovudutstilling er eit samarbeid med Norske Kunsthåndverkere Region Sør, som i år feirar sitt 50-årsjubileum.
Utstillinga er kuratert av styret i NK Sør-Norge – Linn Obrestad, Katrine Bragdø, Siri Berquam og Rita Lysebo Egren – og viser verk av ti kunstnarar frå regionen. Deltakarane er valde ut etter ein open utlysning og representerer eit breitt spenn i uttrykk, fagfelt, alder og geografisk tilknyting innan regionen, som dekkjer Vestfold, Telemark og Agder.
Målet er å trekkje linjer mellom det materialbaserte kunsthandverket og det tradisjonelle handverket som har prega regionen gjennom fem tiår.
Deltakande kunstnarar: Regien Cox, Brita Been, Hilde Iren Dølheim, Tuva Gonsholt, Irene Haslum, Vilde Eskedal, Elisabeth von Krogh, Barbro Hernes, Arnfinn Strand og Sverre Tveito Holmen.
I samband med opninga blir det arrangert både seminar, opningsprogram og kunst- og kulturreise i samarbeid med NK Sør.
Minneutstilling: Knut Flatin
I år ville Seljordskunstnaren Knut Flatin fylt 80 år den 7. juli. Vi heidrar hans kunstnarliv med ei retrospektiv utstilling som viser arbeid frå heile karrieren – inkludert fleire verk som aldri tidlegare har vore viste for publikum. Utstillinga er eit samarbeid mellom Seljord Kunstforening og familien Flatin.
Temautstilling: Korgtradisjonar i Noreg
I samarbeid med Seljord Husflidslag viser vi ei utstilling basert på arbeidet til Hege Aasdal, handverksstipendiat ved Norsk Håndverksinstitutt. Her får du sjå korghandverk frå heile landet, i eit mangfald av materialar og teknikkar.
Opningstider: kvar dag i juli kl. 11:00–17:00
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Sommarutstilling 2026 - Tor Hansen med familie
Åreste hovedutstiller er Tore Hansen som…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…
Sist viste
Konsert
Gratiskonsert med Ni Liv under bygdenatt på gamle Rema 1000 tomta.
Ni Liv er eit americana-band…
Andre arrangement
Onsdag 18.mars kl. 18.00-20.00 ynskjer me å vise fram noko av det me jobbar med på ungdomsskulen.…