Utforsk Telemark

EN

NO

Ein skog av trådar

TypeKunsthåndverk

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Ein skog av trådar til i reiseruten din.

Telemarksbinding utstilling Vest-Telemark Museum Eidsborg
  • Telemarksbinding utstilling Vest-Telemark Museum Eidsborg
  • Telemarksbinding utstilling Vest-Telemark Museum Eidsborg
  • Telemarksbinding utstilling Vest-Telemark Museum Eidsborg

Om

I 2020 fekk Borghild Telnes Telemark fylke sitt Stipend for husflid og handverk og arbeida som vert viste her har i hovudsak blitt til i stipendperioden der ho arbeidde med telemarksbinding i kombinasjon med andre kunstuttrykk. Knutar, samanbindingar, bundne former, tekstar og
teikn lagar ulike biletrom eller landskap der små repetitive element blir til ein heilskap. Repitisjonar og det meditative som ligg i det langsame
handverket spinn trådar attende i tid ved å ta vare på ein gamal teknikk og bruke strofer frå gamle folkeviser og skaper framtidstrådar med teikning, trykk, skrift og ny poesi. Kontrasta mellom kvite trådarbeid og svarte teikningar lagar ei slags spegelvending av uttrykket. Bindingsteknikken er i hovudsak bruka på kvite tekstilar som vart brukte ved dei store høgtidene i livet. Skaut, tørklede og forklede er plagg som vart pryda med telemarksbinding. Desse tekstilane fortel om det reine og uskuldige samstundes er dei ei slags maske som skjuler eller vernar oss.
Dei eldre tekstane som er nytta, er henta frå folkevisene Jomfruga Ingebjørg, Herr Byrting, Liti Kjersti med fleire der tematikken er å verta
innkvervd i elva, skogen og berget. Kristine Søgnen sine tekstar spinn kring tema som treet, greina, lauvet, dammen, elva, blomen, rota, knuten og kledet. Tekstane tek for seg eit landskap der ein vert både innfalda og utfalda og knyter seg slik til dei gamle folkevisene.

Eg veit meg eino ædeli skógi sunna og vesta fer fjór
der vexe så mange dei ædeli tré dei venaste på jordi som grór

(tekst: frå Jomfruga Ingebjørg)

eg har knytt eit kvitt klede kring mitt eige liv
ikkje ei skrukke har det
kven skal løyse den stramme knuten kring livet mitt kven skal leggje
kledet på ein stol eller
kaste det på golvet her eg står
kan eg sjølv løyse det
springe inn mellom bjørkene

(tekst: Kristine Søgnen)

Borghild Telnes har fått lov å bruke sylvarbeid laga av filigransylvsmed og kunsthandverkar Gry Marie Grindbakken som del av installasjonen.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.66 km Unna
  2. Nutheim kunstutstilling

    Velkommen tilbake i 2027.

    32.00 km Unna
  3. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    32.38 km Unna
  1. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    32.60 km Unna
  2. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    32.87 km Unna
  3. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    32.88 km Unna
  4. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    32.90 km Unna
  5. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    33.82 km Unna
  6. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    34.55 km Unna
  7. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    34.90 km Unna
  8. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    35.06 km Unna
  9. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    35.57 km Unna
  10. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    35.98 km Unna
  11. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    38.07 km Unna
  12. Bjordal

    Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…

    40.00 km Unna
  13. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    40.82 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Vil du bli LYTTEVENN?

    Type

    Andre arrangement

    BLI LYTTEVENN!

    Betre lesing
    og kontakt mellom generasjonar

    Likar du å lese, vere saman med barn…

  2. Båltur til Havretjønn

    Type

    Familie/barn

    Vil du lære å lage ulike bål på tur? Bli med på båltur til Havretjønn!
    Oppmøte på parkeringsplassen…

  3. Taco og Tex-Mex Aften

    Type

    Mat

    VELKOMMEN til TACO og TEX-MEX AFTEN

    Er du ute etter en klassisk fredagstaco eller teste noe…

  4. Taraldsmesse, onsdag 12.02

    Type

    Livssyn

    Taraldsmesse Den 12.februar er Taraldsdagen til minne om ein lokal bygdehelgen, St.Tarald. Ved sida…

  5. Babysong og småbarnstrall

    Type

    Familie/barn

    Velkommen til Seljord frivilligsentral!

    Babysong har til no vore på misjonshuset, og sjølv om…

  6. Utstilling: Ole Lislerud

    Type

    Utstilling

    Utstillinga er tufta på tre uanselige bokstavar, ÆØÅ! Ved hjelp av dei utforskar Lislerud det…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av