
Hei, alle gode eldsjeler som interesserar seg for gamle hus, tun og tradisjonar.
Ein liten flokk her i Vest-Telemark har sett trongen for og har lyst til å starte opp eit lokallag med eit positivt fokus som engasjerar og inspirerar. Me ynskjer å vera synlege i alle kommunane i Vest-Telemark med til dømes medlemsmøte med foredrag, ymse temadager, bygdedagar, samarbeid med andre lag og me vil skipa til turar til interessante og inspirerande tun og menneske. Me ynskjer eit lokallag lagt til rette for barnefamiliar, so alle kan vera med. Dette skal også vera moro for born.
Me ynskjer at medlemene skal kunne koma med sine gode idear og engasjere seg, sjølv om dei ikkje sit i styret. I dette høvet bed me deg til ope stiftingsmøte. Medlemer av Fortidsminneforeininga har røysterett på denne samlinga. Er du ikkje medlem og ynskjer å bli det, kan du skrivast inn og vera med og røyste på det nye styret.
Tid: Søndag 11. februar kl. 13:00
Stad: Vest-Telemark museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Me ynskjer fleire som kan stille til val som styremedlemer og valnemd, meld gjerne di interesse til Thomas på thomas_san_jak@hotmail.com eller på telefon 986 41 431.
Program:
1300: Me startar med litt mat i museumskafeen. Eigenandel 100 kr pr. pers. Innskriving av røysteføre,
nye medlemer og innskriving for dykk som ynskjer å stå på valglista som styremedlem.
1330: Informasjon om bygningsverntjenesten, Trond Arild Pedersen.
1345: Kvifor mitt engasjement, Ellen Nordstoga.
1400: Informasjon om «Lys i gamle hus i Vinje» ved Silje Hagen.
1415: Kva er eit lokallag og kvifor vil me ha det? Thomas Sandvik Jakobsen.
1430: Innspel og dialog om vidare arbeid, kaffe og kakur.
1500: Val og stiftingsprotokoll med gjennomgang av vedtekter.
Dette ynskjer me å dekke: Styreleiar, nestleiar, kasserar, skrivar, og valnemnd.
Valet gjeld inntil fyrste ordinære årsmøte, 2025
1600: Avslutning
Velkomen skal du vera.
Me gler oss til å sjå deg og treng dine gode idear og innspel!
Helsing arbeidsgruppa
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Sist viste
Teater
Korleis hadde live vore dersom du hadde følgt den store kjærleiken? Den stolte sauebonden Bjarne…
Museumsarrangement
«Stordomstida» for Åmdal koparverk byrja då engelske mining companies overtok drifta midt på…
Andre arrangement
Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) inviterar til ope møte om kommunebudsjett på Granvin 2.…
Andre arrangement
Lørdag 5. oktober steller vi på Straand Hotel i stand nydelige viltretter i sesongen for dette og…
Utstilling
Sommarutstilling 2024 - TRÅD
Hekneveven. Gjenskaping av sogneprest Schweigaards kontor som står…
Museumsarrangement
Velkomen til jolegranning på Norsk Skieventyr i Morgedal!
Program: • Tenning av jolegrana • Me…