Utforsk Telemark

EN

NO

AVLYST! Opningsarrangement Norsk Skieventyr 2020

Vårstaulvegen 2, 3848, Morgedal

Legg AVLYST! Opningsarrangement Norsk Skieventyr 2020 til i reiseruten din.

Product Image

Om

QUEEN OF SKIS
Sidan 2009 får kvinner delta i VM i skihopp. Men kvinnelege skihopparar fantes alt 80 år tidlegare! Johanne Kolstad (1913-1997) frå Dokka i Nordre Land (Oppland) er den mest kjende av dei.

I 1931 hoppa Johanne 46,5 m i Midtstubakken i Oslo – lengre enn nokon annan kvinne før henne. Skiforbundet blei spurt om ein ikkje kunne sleppe til kvinner i Holmenkollen, men major Finn Qvale ga avslag: «Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken!».

Johanne måtte til «sirkus» i USA for å bli anerkjent. Ho reiste til Chicago tidleg på 1930-talet, der 20.000 tilskodarar såg ho hoppe! I fem år turnerte ho med store ski- og is-show i Nord-Amerika, og i 1938 sette ho ein verdsrekord (72 m) som heldt seg heilt til 1973! «Queen of skis» blei ho kalla over there.

Utstillinga fortel historia om hoppdronninga som ikkje fekk lov å konkurrere. Men populær var Johanne Kolstad – ho fekk opne hopprenn over heile Noreg, ofte saman med makker Hilde «Nusse» Braskerud.

Utstillinga er laga av barnebarna til Johanne, brørne Knut og Ole Aastad Bråten. Ole vil vere til stades under opninga for å fortelje om bestemora.

Visste du forresten at også Vest-Telemark hadde sin kvinnelege hopp-pionér på same tid? Det var Astrid Lauvnes frå Akkerhaugen (den gongen Kviteseid). I 1930 opna ho eit hopprenn i Rugtvedtkollen, berre 14 år gamal, med eit hopp på 30 m. Overskrift i Varden: «En tapper skidame.»

Velkomen til ei historietime i skihopping – og kjønnsdiskriminering!

Inngang: vanleg museumsbillett (årskort halv pris)

Kafeen er open frå kl.11 og serverar middag fram til kl 1700. Etter det er kaffe og kake.

 

Alle bilete: privat (Ole og Knut Aastad Bråten)

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069080

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    10.14 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    11.97 km Unna
  3. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.30 km Unna
  1. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    12.33 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.57 km Unna
  3. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.63 km Unna
  4. Nutheim kunstutstilling

    Velkommen tilbake i 2027.

    12.65 km Unna
  5. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    12.98 km Unna
  6. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    13.10 km Unna
  7. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    13.40 km Unna
  8. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    13.64 km Unna
  9. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    14.42 km Unna
  10. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    18.44 km Unna
  11. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    18.76 km Unna
  12. Bjordal

    Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…

    24.17 km Unna
  13. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    25.54 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Oppstart av stadnamnprosjektet i Seljord

    Type

    Museumsarrangement

    Kva veit du om gamle stadnamn? Visste du at dei gamle stadnamna fortel ei historie og om ein…

  2. Sommarutstilling 2024 - Eva Bull Holtes Museum

    Type

    Utstilling

    Gjesteutstillar 2024
    Morten Slettemeås | Måleri

    Morten Slettemeås er fødd i 1975. Han vaks opp i…

  3. The Boots Band på Vårmarknaden

    Type

    Konsert

    The Boots Band frå Notodden vart etablert i 1997 og har i over 25 år turnert Noreg på kryss og…

  4. Økouka: Mat-kurs i Kunstlåven

    Type

    Andre arrangement

    Møt opp i Kunstlåven i Seljord.Me lagar ulike rettar basera på grønsaker og urter frå Seljord Hage…

  5. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Type

    Kunstverk

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde…

  6. Seljord Kyrkje

    Type

    Arkitektur

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På nord-vest hjørnet…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av