Utforsk Telemark

EN

NO

Bunadbruk på UNESCO? Kva meiner Vest-Telemark?

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Bunad, UNESCO, Vest-Telemark museum, Huflidskonsulenten i Telemark.

Om

Velkomen til ope møte på vest-Telemark museum i Eidsborg!

Bør bunadbruken inn på Unesco-lista over vern av immateriell kulturarv? Det meiner vi!
Kva meiner du? Vi treng dine tankar.

Vi vil gjerne ha flest moglege stemmer frå Vest-Telemark. Unge og vaksne, han, ho og hen! Velkommen alle som ein! Tankane dine er viktige når det skal skrivast nominasjonssøknad til UNESCO.

Du vil få utdelt spørsmål som du skal svare på, diskutere med andre rundt bordet og få moglegheit til å ta ein titt i den rike drakt og bunadstradisjonen i Vest-Telemark. I tillegg vil du få høyre korleis det står til med handverkskompetanse på bunad i området samt kva for drakt og bunadsrikdom ein kan finne på museet.

Initiativet om at bunadbruken fortjener ein plass på Unesco si liste over immatriell kulturarv kjem frå Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedrakforum, og Studieforbundet for Kultur og Tradisjon.

Arrangørane bak møtet er Tokke og Rauland Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Husflidskonsulenten i Telemark.

Tid: Onsdag 17. november 2021 kl. 18.00-21.00.

Meir info om prosjektet på www.bunadbruk.no.

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Sogetur i Svartdal - Kristi Himmelfartsdag

    Type

    Andre arrangement

    Me startar ved gamle Skarsvegen /Ingersmoen. Det ligg innanfor Barstadbrui, 2 km frå…

  2. Opning av aktivitetspark ved Norsk Skieventyr

    Type

    Museumsarrangement

    18.00     Velkomen v/Tarjei Gjelstad 18.10     Koret Fjellrøyst syng 18.30     Helsingar 18.45    …

  3. Vandring, konsert og boklansering i kulturlandskapet

    Type

    Friluftsliv

    Vandring kl 10.30 frå Hjartdal til Blika i Svartdal. Oppmøte Rogrendvegen 13 i Hjartdal.…

  4. Temporærutstilling «Red River Girl» i Eidsborg 2020-2021

    Type

    Utstilling

    Historia om busettinga ved Buffalo River – heilt nord i Minnesota, ikkje langt frå dobbelbyen…

  5. Vi leser saman - Kniven i ilden av Ingeborg Arvola

    Type

    Andre arrangement

    Vi inviterer til ein uformell lesesirkel der vi saman leser romanen Kniven i ilden av Ingeborg…

  6. Jolemesse på Seljord frivilligsentral

    Type

    Andre arrangement

    Tradisjonen tro arrangerar dei fantastiske strikkedamene våre jolemesse på frivilligsentralen!

    I…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av