Telemarkslefsa er laga med éin tanke i botn: å løfte fram det vi har rundt oss – råvarene, produsentane, handverket og smakane frå Telemark.
Vi har samla det beste frå jord, vatn og fjell i ei lefse som er enkel å ta med, men rik på smak. Her møter knasande grønt frisk ostekrem, reine urter, gode ostar, kjøtt frå dyr som har beita i landskapet vårt, og fisk frå reint, kaldt vatn. Kvar bit er sett saman for å gi gode smakar og fine kontrastar – sprøtt, mjukt, salt, friskt og syrleg i god balanse.
Telemarkslefsa kjem i variantane kjøtt, fisk og vegetar, og kvar lefse fortel si eiga historie om råvarene som er bruka.
For oss handlar det om å løfte fram dei små og store produsentane frå Telemark. Dei som kjenner jorda, dyra, vatnet og handverket sitt. Dei som kvar dag legg ned mykje arbeid som gjer at vi kan tilby en god smaksopplevelse.
I kjøttlefsa finn du fenalår frå Tjønnås Økogard – laga med respekt for dyra, naturen og gamle tradisjonar. Saman med ein frisk chèvrekrem laga på Chevre frå Tine Haukeli, sprø råkost og osten Heimros frå Lega Ysteri i Rauland, gir det ein lefse med god smak, salt og friskleik i fin balanse.
I fisklefsa brukar vi fisk frå lokale aktørar som Aketun Fisk, Telemarksrøye i Fyresdal og Hima Seafood på Rjukan. Kven som leverer kan variere frå stad til stad. Her møter fisken Snøfrisk ostekrem, sylta rødløk, knasande salat, kimchi frå Telemark Fermentering på Notodden og osten Heimros frå Lega Ysteri i Rauland. Det gir ein lefse med fyldig smak, sødme og eit lite sting av syre.
I vegetarlefsa finn du ukrydra surkål frå Telemark Fermentering på Notodden, frisk chèvrekrem laga på Chevre frå Tine Haukeli, knasande salat, lauk og gode ostestavar av Heimros frå Lega Ysteri i Rauland. Her er det enkelheita som får spele hovudrolla – reine smakar og litt crunch.
Det er dette Telemarkslefsa handlar om: å skape nærleik til maten, til produsenten og til historia bak kvar råvare.
Frå reint vatn og jorda – til bord og gane.
Telemarkslefsa finn du per nå på Rjukan Admini hotel på Rjukan, Stasjonen kafé i Notodden og i Brekkeparken kafé i Skien. (i salg fra slutten av juni 2026)