
Vest-Telemark Museum innviterar deg med på ei levande formidling av den eldgamle «Nikuls-vandringa» kring Eidsborgtjønni.
Dette er ein seremoni knyt til Eidsborg stavkyrkje og midtsommar som har eksistert sidan 1300-talet. I ei blanding av heidensk og katolsk tradisjon, blei helgenstatuen av St. Nikolaus (lokalt kalla «Nikuls») tatt ut av stavkyrkja og bore kring Eisborgtjønni på Sankthanseftan.
Vatnet hadde magisk kraft midtsommarnatta, og både statuen og dei som fylgde prosesjonen skulle kome i kontakt med det. Då blei syndene forlate og sjukdom lækt.
Sjølv om kyrkja etter reformasjonen prøvde å stanse ritualet, heldt bygdefolket i Eidsborg fram med det heilt til slutten av 1700-talet.
Tidleg på 2000-talet starta museet opp eit historisk spel for å formidle den gamle tradisjonen til publikum. Etter fleire års stopp blir spelet no vist fram att – i samarbeid med kyrkja.
Programmet for Nikulsvandringa 23. juni 2022
17.00 Føredrag om Nikulskultusen ved kulturhistorikar Herleik Baklid, USN (Inngang: Vanleg museumsbillett)
Kostyme til dei av publikum som ynskjer dette.
18.00 Messe i stavkyrkja. Prest er Tor Eivind Erikstein, organist er Tore Sognefest
Ca.18.45 Vandringa tek til
19.30 Vandringa vert avslutta nede ved grendehuset
Det er flott om du stiller i mellomalderklede. Museet har og ein del klede til utlåns. Dei vert lagt fram etter føredraget.
Me gjer merksam på at prosesjonsvandringa er eit historisk spel, ikkje ei religiøs handling.
Sist viste
Teater
I over 30 år har Rallardagen på Åmdals Verk blitt arrangert i den flotte Gruveparken. Gruveparken…
Klassisk
Sidan 2014 har TRIO+ halde konsertar rundt om i Noreg.
Simona Liamo (song), Vytenis Gurstis…
Andre arrangement
Kurs: Klassisk Hatha Yoga
Nivå: Enkle rolige øvelser som passer for alle
Tid: Onsdager; 13.november…
Konsert
Svenske Rum Diet kjem for første gong til Noreg og Dalen!
Irsk pubmusikk, keltisk rock m.m…
Yoga
Dalen Yogasenter tilbyr kurs i selvutvikling, stressmestring og rekreasjon, basert på Yogisk…
Litteratur/ poesi
Velkommen til lansering av debutromanen «Rosehagtornen» av tokkebuar Helga Songøygard Battin på…