Utforsk Telemark

EN

NO

Boklansering "Rosehagtornen"

TypeLitteratur/ poesi

Tokke bibliotek, Storvegen 211, 3880, Dalen
Product Image

Om

Velkommen til lansering av debutromanen «Rosehagtornen» av tokkebuar Helga Songøygard Battin på Tokke bibliotek fredag 7. februar!

Arrangementet startar klokka 19 med enkel servering og velkomstdrikk. Helga les frå romanen sin, forfattar Kjersti Halvorsen kjem frå storbyen for å lese frå debutromanen sin «Ida tar ansvar» (2019), den lokale forfattaren Kjersti Rorgemoen kjem for å lese, og representantar frå skrivegruppa Tokke litteraturlaug les frå eigne tekstar.

Forlaget skriv dette om «Rosehagtornen»:

Tilia prøver å finne plassen sin i vaksenlivet generelt og i forholdet til Adrienne spesielt. Det er lettare sagt enn gjort, for det er krevjande å vere vaksen, og Adrienne er så sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg med planter: Dei slår rot og veks og blømer. Sitrongeraniumen har til og med formeira seg til sjølvstendige planter gjennom alle avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan Adrienne byrjar å snakke om ekte barn, ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein rosehagtorn.

Arrangementet er gratis og alle er hjarteleg velkomne!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Sist viste

  1. Årsmøte og biletkåseri

    Type

    Andre arrangement

    Måndag 28. mars kl 18 står årsmøtet for Tokke historielag på Tokke kulturhus. Medlemer kan melde…

  2. Konsert på Kunstlåven

    Type

    Konsert

    Søndag 21. juli har vi gleden av å kunne invitere til intimkonsert i kafeen på Kunstlåven med Marte…

  3. Konsert med The Peters

    Type

    Konsert

    konsert med The Peters

  4. Konsert med "Grass Tank"

    Type

    Konsert

    Fredag 22/6, Dalsmarken, kommer Grass Tank til Kroa på Dalen. De kjører på Speed Country/Bluegrass.…

  5. Solfest på Dalen 2023

    Type

    Familie/barn

    Laurdag 18. mars er det SOLFEST på Dalen!
    Møt opp på Torget i sentrum i kostyme.

    Program for…

  6. Informasjonsmøte Dalen kunstforeining

    Type

    Andre arrangement

    informasjonsmøte og medlemsregistrering for den nyoppstarta kunstforeininga.

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av