Utforsk Telemark

EN

NO

Løynde lydar frå Vest-Telemark - Opning av lydinstallasjon

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Natasha Barrett, lydinstallasjon Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Natasha Barrett, lydinstallasjon Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Gudrun Semons, fotograf, Vest-Telemark museum Eidsborg.

Om

I april 2022 vitja komponist Natasha Barrett og fotograf Gudrun Kristine Tjønnhaug Semons fleire plassar i Fyresdal, Tokke og Vinje. Dei lytta, tok opp lyd og fotograferte det dei fann. Natasha undersøkte opptaka med spesielle verktøy for å finne fram til gøymde lydaspekt. Så laga ho sju komposisjonar som ein kan sjå på som «lydlege postkort».

Vest-Telemark museum har no bygd ein spesiell installasjon på museet i Eidsborg der publikum kan lytte til «postkorta» og sjå fotografia gjennom ein «tittevegg».

Komponisten og fotografen vil vere til stades og fortelje om sitt arbeid med installasjonen. Dei sju korte lydverka vil bli presentert og spela for publikum, før installasjonen blir opna.

Installasjonen er del av lydkunstprosjektet «Reconfiguring the Landscape» som Noregs musikkhøgskule står bak. Målet er å utforske korleis ein kan lytte til kulturlandskap og kvardagslyd på nye og spanande måtar. Prosjektet er støtta av direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU).

Velkomen til ei fin lydoppleving!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Bandveving i husmannsstoga og smed i smia

    Type

    Museumsarrangement

    I dag er det på ny aktivitet på husmannssplassen til museet i Eidsborg. 

    Denne dagen kjem…

  2. Lindeviki padlehuk og kanocamp Telemarkskanalen

    Type

    Leirplasser i naturen

    Lindeviki er ein idyllisk leirplass for padlar på Telemarkskanalen med ein flott padlehuk til…

  3. Bandvev i husmannsstoga og smed i smia

    Type

    Museumsarrangement

    I dag er Sigrunn Lie Brattekås og Eli Vesaas tilbake i husmannsstoga i Eidsborg. Dei vil vise…

  4. Fjellskitur til Berhomfjellet på Skafsåheii

    Type

    Sport

    Sundag 11. mars 2018 kan du bli med Kviteseid Turlag på skitur i nytt og spennande fjellterreng for…

  5. Karl Johann og Talleiv Huvestad

    Type

    Museumsarrangement

    Torgrim Otterholt kåserer om kroninga av Karl Johan i 1818 og Talleiv Huvestad si reise til…

  6. Bokslepp og felespel - Spelemannslaget Sullarguten 40 år

    Type

    Andre arrangement

    Jubileumsbok - Spelemannslaget Sullarguten 40 år.

    Bokslepp og felespel på Jolemarknaden i…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av