Utforsk Telemark

EN

NO

Fjellskitur til Berhomfjellet på Skafsåheii

TypeSport

Hallbjønnsekken 4A, 3880, Dalen
Product Image

Om

Sundag 11. mars 2018 kan du bli med Kviteseid Turlag på skitur i nytt og spennande fjellterreng for dei fleste.
Vi går opp alpinbakken ved Hallbjønnsekken og i småkupert, jamt stigande terreng bortover ryggen mot toppen på Berhomfjellet. Der er det flott utsikt mot Spafjell og Urnosi i nord, Setesdalsheiane i vest, Draumenuten, Napuren og Høgsetet i sør, og langt i aust ser ein den langstrakte ryggen på sjølvaste Gaustatoppen. Vi går ei litt annan rute tilbake. Turen, som er ein halvdagstur, går i hovudsak utanom preparerte løyper. Derfor er fjellski med stålkantar å foretrekke. Mat, drikke og ekstra klær må ein ha med i tursekken.
Frammøte er ved Hallbjønn Høyfjellssenter kl. 10.30. Langvegsfarande kan tinge overnatting der.

Turleiar er Jon Ingebretsen, som også kan gje meir informasjon på tlf 481 01 435. Det er inga påmelding.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Sist viste

  1. Temporærutstilling «Red River Girl» i Eidsborg 2020-2021

    Type

    Utstilling

    Historia om busettinga ved Buffalo River – heilt nord i Minnesota, ikkje langt frå dobbelbyen…

  2. Ei personleg reise i André Bjerkes liv og dikting

    Type

    Kultur

    Ho seier:

    "Min far André Bjerke har 100 års jubileum nå i januar. Han var født 30 januar 1918,…

  3. Grillfest på Dalen Handelslag med Kvåle Gard

    Type

    Mat

    Grillfest på Dalen Handelslag med Kvåle Gard laurdag 16. mars. Vi arrangerar grilling utanfor…

  4. Karl Johann og Talleiv Huvestad

    Type

    Museumsarrangement

    Torgrim Otterholt kåserer om kroninga av Karl Johan i 1818 og Talleiv Huvestad si reise til…

  5. Folketonar med JADA og Straand på Skieventyret

    Type

    Korsang

    Vokalgruppa JADA frå Porsgrunn og Skien, kjem til Norsk Skieventyr for å fylle museet med vakre…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av