Utforsk Telemark

EN

NO

WoodsTOKKE

TypeKonsert

Storvegen 211, 3880, Dalen
Product Image

Om

Gjer dykk klare for årets happening på Kulturhuset!

50 år etter starten av flower-power rørsla i 1968, er det på tide å finne fram slengbuksa og oppleve energien frå den fantastiske musikken som vart spela den gang. No tek Akkerhaugen Rocksamfunn (ARS) "Woodstock" til Tokke Kulturhus!

ARS med Jan Birger Akerhaugen (låtskrivar og gitarist i Ni Liv) kjem for å framføre eit glitrande repertoar denne kvelden. Forutan konsert vert det servering ved Vinje Bryggeri og DJ som spelar god og tidsriktig musikk. 

(Har du ikkje slengbukse er du sjølvsagt like velkomen! Me håpar på eit publikum i alderen 18-88 år) 

Billettar kr. 220,- (førehandssal på biblioteket eller kjøp i døra)
Dei som kan vise fram eit foto av seg sjølv frå 1969, får 50,- i rabatt! 

Under Telemarksfestivalen 2018 framførte Akkerhaugen Rocksamfunn ein konsert med variert utval av låter og artistar som spelte på den legendariske Woodstock festivalen i 1969.
Konserten vart av mange omtalt som eit av høgdepunkta på Telemarksfestivalen 2018, og no er det Tokke sin tur til å oppleve "Woodstock" og flower power.

Akkerhaugen Rocksamfunn har over fleire år samla lokale vokalistar og musikarar til konsertar der heile kveldar har vore via til å tolke ein artist. Emmylou Harris, John Lennon, Townes van Zandt, Bob Dylan og George Harrison er nokre av dei. 

Desse kveldane har ein kalt "ARS presenterer" og dei har vore særs populære med utselde konsertar gang etter gang.

Medverkande musikarar og vokalistar:
Arne Steinar Myrvang-Trommer
Jan Birger Akerhaugen -Gitar&vokal
Jens Olav Haugen-Bass
Camilla Moen-Gitar
Fredrick Kaasa-Gitar&vokal
Ottar Langåsdalen-Piano
Markus Matland-Piano
Jon Jarle Haugen-Piano&trekkspill
Lene Langåsdalen-Vokal
Line Kåsa-Vokal&piano
Bjørn Pellebakke-Vokal
Marjit Vinjerui-Vokal

(info vert oppdatert med billettprisar etc)

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Sist viste

  1. Vrådalsdagen

    Type

    Marked/Martna

    Bygdedag med salsbodar, aktivitetar for store og små og underhaldning.

  2. Autostrada Winter Experience

    Type

    Andre arrangement

    Winter Experience vil finne sted på Høydalsmo Isbane med videre afterdrive, middag og sosialt…

  3. Kunsten å spikke

    Type

    Museumsarrangement

    Spikking var noko veldig mange dreiv med før. Ein skarp kniv og eit stykke tre er det enkle…

  4. Friluftsskole

    Type

    Friluftsliv

    Friluftsskolen er et ferietilbud i nærmiljøet, denne gang på Raudkleiv, for barn og ungdom, med…

  5. Lårdal uldspinneri

    Type

    Eldre historie

    Det blei fleire kraftverk i Lårdal tidleg på 1900-talet – for det var her mykje av…

  6. Dalsmarken 2022

    Type

    Marked/Martna

    DALSMARKEN 2022

    Dato: 17-18 Juni 2022

    Velkommen til Dalsmarken 2022! Sjå www.dalsmarken…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av