Utforsk Telemark

EN

NO

Vikingdag med Osebergskipet Åsa!

TypeMuseumsarrangement

Kviteseid bygdetun, Fjågesundvegen 12, 3850, Kviteseid

Legg Vikingdag med Osebergskipet Åsa! til i reiseruten din.

Vikingdag på Kviteseid Bygdetun
  • Vikingdag på Kviteseid Bygdetun
  • Osebergskipet Åse legg til ved Kauphamar, Kviteseid bygdetun
  • Viking
  • Smedbilete Nordheimsmia

Om

I år kjem Olav's Menn og vikingskipet Åsa! Kviteseid bygdetun vert omgjort til ein yrande marknadsplass med aktivitetar for folk i alle aldrar.
På tunet vert det salsbodar og handverk som t.d. plantefarging og korgfletting. Her kan du vere med på vikingleik, høyre musikk frå vikingtida og prøve deg på bogeskjoting eller runerissing. Johannes stiller med eiser og dei som vil (over 13 år) kan få prøve å forme metall med eigne hender ved bruk av tradisjonelle teknikkar. Det vert høve til å teste deg på hesteryggen - sjølvsagt utan sal:-) Den gamle steinkyrkja vert open med omvisar og arrangementet avsluttast der med ein konsert.
Årets utstilling i Utsondhalli vert offisielt opna og utstillar Anders Kvåle Rue fortel om kunsten sin. Det vert salsutstilling med viking som tema.

Sal av mat - Vikingburger frå Fjellgardane, kjøtsuppe, kaffi og sveler.

 

12:00 Bjørn ynskjer velkomen til aktivitetar på tunet og tar oss med ned til Kauphamar for å møte vikingskipet Åsa når ho nermar seg. Det vert ombordstigning for dei som ynskjer.
14:00 Opning av Anders Kvåle Rue si utstilling "HISTORIEMÅLERIET Frå fordums prakt til samtidsmakt" 
15:30 Konsert i Kviteseid gamle steinkyrkje. "Hallvard med vener framfører musikk, kultur og liturgi frå vikingtid og middelalder"

Flott om du stiller i tidsrette klede og tak gjerne med deg stol.
Det er gratis inngang til alt, men me tar kr 100,- for parkering.

Arrangementet er støtta av: Telemarkskanalen Natur og kulturpark

Vel møtt!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Kviteseid bygdetun (28 Jun 2026)
DagTider
Søndag12:00 - 16:00

Også i nærheten

  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    42 m Unna
  2. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    14.78 km Unna
  3. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    19.74 km Unna
  1. Galleri Karen

    Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…

    24.36 km Unna
  2. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    24.36 km Unna
  3. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    26.64 km Unna
  4. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    27.70 km Unna
  5. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    29.83 km Unna
  6. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    30.14 km Unna
  7. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    30.29 km Unna
  8. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    30.51 km Unna
  9. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…

    30.65 km Unna
  10. Nøsteriet

    Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…

    30.69 km Unna
  11. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    30.77 km Unna
  12. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    30.80 km Unna
  13. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    30.86 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av