
OBS: Ny dato grunna sein vår!
Museet har engasjert Daniel Høstberger som museumsbonde på Uppistog Vindlaus, gardstunet som er kjernen i friluftsmuseet i Eidsborg.
Dei siste åra har han opparbeid fleire åkrar på museumsområdet. Det er våren som bestemmer når Daniel og hesten kan byrje på våronna, men normalt driv dei på ei veke uti mai. Velkomen innom for å helse på og lære om jordbruk på gamlemåten.
NB: Datoane er sett med verforbehald, og kan endrast etter veret. Bonden jobbar i hovudsak frå ca. kl. 12.00 - 16.00.
Sist viste
Næringsliv
No er det igjen tid for Glade Maidagar på Dalen. Det bør du ikkje gå glipp av
Fredag 14. mai og…
Andre arrangement
Laurdag 25. september arrangerar Dalen Næringssamskipnad Haustmarknad på Dalen.
Lokale aktørar…