
Med CD-utgjevinga «Vårevinden» (2018) opna Ragnhild Furholt Trio dørene til den blomstrande folkesongen på Agder. I dette landskapet kling dei velkjende balladane «Rosensfolen» og «Nøkken», men også nystev, alvorstunge salmar, glade og triste kjærleiksviser, barneregler og ikkje minst eit vakkert brureslag frå Ragnhild sin heimekommune Songdalen, «Når vårevinden suser».
I konserten syng Ragnhild saman med eit ensemble som set farge på dei små løyndomane i musikken og tekstane i den vest-egdske folkesongen. Vokalen klingar side om side med sekkepiper, trøorgel, klarinett, meråkerklarinett, langeleik, hardingfele og munnharpe, gitar og kalimba.
Velkomen til ein haustkonsert med intens vårlengsel!
Medverkande:
Ragnhild Furholt – vokal
Anders Erik Røine – gitar, langeleik, hardingfele og munnharpe
Elisabeth Vatn – trøorgel, klarinett, meråkerklarinett og kalimba
Inngang kr. 200,-, årskort halv pris
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…
Sist viste
Andre arrangement
Hei, alle gode eldsjeler som interesserar seg for gamle hus, tun og tradisjonar.
Ein liten…
Konsert
Smedalstemne - konsert og fylkeskappleik 2019 I år er det 130 år sidan spelemannen Eilev Smedal…
Foredrag
Frå Kjøpsvassåsen og Fyrålåmi til Rio og Pyongsjang – og det viktige livet i mellom! Skafsåheia…
Andre arrangement
Renate Meinstad frå Blomsterbua kjem for å syne oss korleis me kan lage advents- og…