Utforsk Telemark

EN

NO

Temakveld: Kulturminne i utmark

TypeHistorie

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Registrering av kulturminne i utmark, foredrag på Vest-Telemark museum.
  • Registrering av kulturminne i utmark, foredrag på Vest-Telemark museum.
  • Temakveld om kulturminner i utmark, stadnamn Heggtveit. Vest-Telemark museum.
  • Registrering av kulturminne i utmark, foredrag på Vest-Telemark museum.
  • Ragnar Orten Lie, temakveld om kulturminner Vest-Telemark Museum.

Om

Kulturminne i utmark. Kva kan vi sjå og kva representerer dei?

Velkomen til temakveld på Vest-Telemark museum i Eidsborg. Kveldens føredragshaldar er Ragnar Orten Lie, prosjektkoordinator i fylkeskommunen med ansvar for metallsøk og Vikingfylket Vestfold og Telemark.

Utnyttinga av ressursar i utmark har vore omfattande. Dei siste 2000 åra har særleg produksjon av jarn, tjøre og kol, uttak av bryne- og kleberstein, jakt og fangst etterlatt avtrykk. Med fylgjer ferdsel og behov for organiserte transportårer.

Kva ser arkeologane etter når dei registrerer kulturminne i utmark? Kva kan ein lokalhistorikar, ein jeger eller ein turgåar sjå etter og kva kan ein gjere?

Kva form og plassering har dei forskjellige kulturminna og kva samanheng kan vi setje dei inn i?

Eit mål med kvelden er å svare på spørsmål om kva ein privatperson med interesse for lokalhistorie og arkeologi kan sjå etter. Vi konsentrerer oss her om kulturminnene frå jarn- og mellomalderen (500 f.Kr – 1537 e.Kr).

Start: Kl. 18.00

Inngang: Gratis

Sal av kaffi og kake.

Arr: Fylkeskommunen, VTM og lokalstyret i Eidsborg.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Open utstilling og smed på besøk

    Type

    Museumsarrangement

    Kvar laurdag i heile juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha…

  2. Opning av utstilling Kviteseid Bygdetun

    Type

    Andre arrangement

    Program for dagen

    Anne Gro Røyland er med på opninga, og vil fortelje litt om bilda og kunsten…

  3. Sesongopning av Vest-Telemark Museum Eidsborg 2020

    Type

    Maleri-grafikk-tegning

    Ein viktig del av bunaden er forklebanda. I denne utstillinga fokuserar me på plukkebandteknikken.…

  4. Avlyst! Vårkonsert med Disney-musikk

    Type

    Konsert

    Kviteseid Hornmusikk inviterar born og vaksne til Disney-konsert denne sundagen. Vi spelar kjente…

  5. Irsk skotsk aften med Dún Aengus

    Type

    Konsert

    Velkommen til irsk/skotsk aften på Hallbjønn Høyfjellssenter 8. desember kl. 19.00

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av