
Fredag 26. juni kl. 18.00 blir det offisiell opning av sommarutstillinga i regi av lokalstyret på Grimdalstunet.
Årets utstillarar er Kristine Hasseløy, Tone Linn Skjørestad og Ingvild Ryan.
På opninga blir det samtale med kunstnarane om livet som skapande utøvar.
Musikalsk underhaldning ved William Gauslå og Mo barnekantori.
Leiing ved Randi J. Felland, piano ved Anne Mo Grimdalen.
• Kunstnarane vil vera på Grimdalstunet frå kl. 16, slik at publikum på førehand kan sjå utstillinga saman med kunstnarane.
• Publikum kan òg sjå dei unike måleria av Draumkvedet tolka av Karl Erik Harr.
• Kunstbutikken har mange fine ting, m.a. lito av Harr, Andvik, Knoop, m.fl.
• Kafeen byr på kjøtsuppe, kaffi, vaflar og kake
• Inngang kr. 110,-
Hjarteleg velkomen!
Helsing
Styret i Anne Grimdalens minne
NB: Sesongen på museet startar 25. juni.
| Sesongopning på Grimdalstunet (26 Jun 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Fredag | 18:00 | - 20:00 |
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…