

KAMMERETEATERET
Adelita Maria Haukelidsæter.
Har studert både folkemusikk og dans, drama, kultur og formingsfag og fordjupande studiar om Edvard Munch.
Ho har laga ein forestilling om Edvard Munch ”Munch&fullmånen”.
Dette avdi månen er eit lada og gjentagande symbol i hans kunstnerunivers.
Edvard Munch omtala sine bilete som ”dagboksnotater”.
Dei er samansette, visuelle betrakningar og refleksjonar over eigen og andres livserfaring og eksistensielle problemstillingar.
Såleis kan han og sjåast på som ein visuell filosof.
Han skreiv og prosalyriske tekstar gjennom heile sitt vaksne liv.
Bilete og tekst høyrer ofte saman.
Gjennom forteljing, sang og resitering av hans eigne tekstar, samtidig med biletframvising formidlar ho om hans liv og kunstnarskap.
Dette har ho fremført allein i fleire år.
Nå samarbeidar ho, og utviklar forestillinga, saman med Anne – Beate Bakker Wålengen.
Ho er bratsjist og har spela i Kork i mange år.
Det har gjeve ho breid erfaring av ei rekke musikalske stilartar.
Ho har delteke på kyrkjekonsertar, musikkteater og i andre samanhengar der ord og musikk kombinerast på nye måtar.
Forestillinga på museet i Eidsborg 30.september er ei urframføring av deira nye samarbeid.
Sist viste
Andre arrangement
Velkommen til feiring av Telesenteret 35 år, 28.-30. oktober 2021
Kan kan by på moteshow, show med…
Eldre historie
Historikar Øystein Morten og fotograf Pål Hermansen har reist landet rundt for å finne øyde gardar…
Vandring
Denne korte, men innhaldsrike turen startar ved krysset der du svingar av vegen ned til Åmdals Verk…
Konsert
Konserten » Blå Jul» byr inn til ei musikalsk varmande førjolsstund i Tokke Kulturhus torsdag 14.…
Andre arrangement
Velkommen til oss på måndagar. Då møtes me til mat, prat, kaffe, vaffel, strikking og anna.
Ta…
Andre arrangement
Lan Party på Tokke kulturhus lørdag 16.11 fra kl 1200 til kl 0900 søndag 17.11. Det er åpent for…