
Fyrålåmi er ein tradisjonsrik tur som gjeng palmesundag kvart år.
Løypa er på 20 km og går i fint terreng frå Fyrå på Skafsåheia til Åmdals Verk Samfunnshus.
Årets utgåve er den 34. i rekkja, og datoen er 10. april
Det vert sett opp bussar frå Åmdals Verk Samfunnshus og opp til start på Fyrå.
Vel nede i mål på samfunnshuset er det registrering der ein får følgande premiar:
1. år - Diplom
2. år - Merke
5. år - Fat
10. år - Vase
15. år - "Elgen"
20. år - Krystallskål
25. år - Karafell
30. år - Geilo bolle
Det er også basar på samfunnshuset med mykje flotte heimlaga gevinstar.
Mat er også viktig etter ein lang tur, difor er det mogleg å få kjøpt suppe, pylser, kake og kaffi.
Vel møtt til ein flott palmesundag på Åmdals Verk!
Sist viste
Konsert
I ungdomen var Odd ein aktiv del av det vitale folkemusikkmiljøet i
Telemark. Som artist har Odd…
Vandring
Denne korte, men innhaldsrike turen startar ved krysset der du svingar av vegen ned til Åmdals Verk…
Teater
Teater Ibsen: KUNST
90 minuttar utan pause
Billett må kjøpast her: https://checkout.ebillett…
Marked/Martna
Hjarteleg velkomen til Dyrsku'n!
Dyrsku'n er Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk,…
Konsert
Konserten » Blå Jul» byr inn til ei musikalsk varmande førjolsstund i Tokke Kulturhus torsdag 14.…