

Arkivdagen på Vest-Telemark Museum i Eidsborg vert via til folkeminnegranskaren Rikard Berge (1881-1969), fødd på Berge i Rauland.
Rikard Berge blei tilsett som styrar for fylkesmuseet i Telemark i 1916. Han la ned eit stort arbeid i å samle tradisjonsmateriale frå heile fylket. I 1970 fekk Telemark Museum overta den unike samlingane etter han. Denne bestod mellom anna av 800 notatbøker som sidan har blitt digitalisert. I 2011 fekk museet i tillegg meir enn 600 negativar på glasplater. Desse syner både folk, gardar og tun frå kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje og Tokke. Fotografia er frå perioden 1905-1945, og har stor kulturhistorisk verdi.
På arkivdagen kjem fyrstekonservator ved Telemark Museum, Tor Kjetil Gardåsen, og syner smakebitar frå fotosamlinga etter Rikard Berge. Han vil også fortelje om den unike handskriftsamlinga som ligg ute på nett.
Arrangementet kostar 100,-/50,- for dei med årskort. Kaffe og gørrgod kake inkludert.
Gode boktilbod i bui.
Lenke til fakta om fotosamlinga http://www.telemarkmuseum.no/2017/10/16/rikard-berge-si-flotte-fotosamling-er-digitalisert/.
Medarrangør: Telemark Museum
Sist viste
Museumsarrangement
Knut Våmartveit er på plass i smia på museet i Eidsborg denne dagen. Der kan du prøve å forme…
Båtturer
En reise på Telemarkskanalen ombord i M/S Henrik Ibsen er en unik kulturhistorisk seiltur gjennom…
Guidet tur
"I Rui-jentenes fotspor"
Guida tur til Rui-plassen kvar onsdag og fredag kl. 10.00- 12.00 i…
Familie/barn
17. mai på Rauland
Konsert
Ettermiddagskonsert med Tonje Halbjørhus på Lastein Bryggje kafe. Dato: 18.August 2018. Tid: 17.00…
Butikker
Museumsbutikken ved Vest-Telemark Museum Eidsborg og Norsk Skieventyr i Morgedal er verdt eit besøk…