
Folkestadbyen
Gamle hus vart flutt frå andre stader i bygda til Folkestadbyen og modernisera utifrå Sveitserstilen. Byen voks raskt fram til å bli eit sentrum i Fyresdal med forretningar, bank og bedehus.
Heile denne utviklinga skapte grobotn for ein busetnad som ikkje var bygd opp kring jorddyrking. I "byen" levde ein av å produsere tenester for andre. I dag står Folkestadbyen fram som ein moderne liten "Landsby" og som i gamle dagar lever dei fleste av å produsere tenester for andre med små butikkar og kafè.
Det blir arrangert fleire arrangement i Folkestadbyen slik som jolegateopning, olsok m/ gatefrukost og aktivitetar, langope i forretningane m.m.
Tak ei vandring i Folkestadbyen, blant gamle idylliske hus med mange fine små hagar og tun, finn noko spennande i ein av dei små butikkane, eller slapp av med ein kaffi på Meieriet.
Besøk Fyresdal Bygdemuseum i Øyskogen i Fyresdal sentrum. Et av Norges eldste bygdetun…
Besøk Russvassdammen i Borggrend i Fyresdal. Opplev den restaurerte nåledammen i stein…
Opplev Våmur utsiktspunkt mellom Fyresdal sentrum og Kilegrend. Nyt utsikten 400 meter…
Opplev rideturer, fiske, kanopadling og overnatting i naturskjønne omgivelser hos…