Utforsk Telemark

EN

NO

Leverandørkveld – hyperskala datasenter i Fyresdal

TypeNæringsliv

Fyresdalsvegen 2233, 3870, Fyresdal

Legg Leverandørkveld – hyperskala datasenter i Fyresdal til i reiseruten din.

Leverandørkveld

Om

Fyresdal kommune og CTS inviterer næringslivet til leverandørkveld i samband med planlagd utvikling av eit hyperskala datasenter på Molandsmoen industriområde, eit anlegg på om lag 365 MW og blant dei større planlagde datasenterprosjekta i Europa.

Med ein estimert investeringskostnad på om lag 100 millionar kroner per MW, utgjer dette ei samla investering på rundt 36 milliardar kroner.

Prosjektet vil skape store moglegheiter for leveransar innan mellom anna:

  • - Bygg og anlegg
  • - Transport og logistikk
  • - Drift og vedlikehald
  • - Teknologi og IT
  • - Støttetenester og service

 

Kva får du på leverandørkvelden?

  • - Presentasjon av prosjektet
  • - Innsikt i komande innkjøps- og leveransebehov
  • - Informasjon om korleis di verksemd kan posisjonere seg
  • - Moglegheit til å knyte kontaktar og bygge nettverk

 

Målet med samlinga er å gi lokale og regionale verksemder tidleg innsikt i eit stort internasjonalt prosjekt, slik at næringslivet i regionen står best mogleg rusta til å delta i leveransar.

Næringslivet i Vest-Telemark og Telemark vil bli prioritert.

Merk: Arrangementet er retta mot verksemder – ikkje privatpersonar.

Dette er ein viktig møteplass for verksemder som ønskjer å vere med i ei stor regional satsing.

Vel møtt!

Hugs å melde deg på innan 10. mars kl. 12.00 (lenke)!

TripAdvisor

Kart

Sjekk tilgjengelighet forLeverandørkveld – hyperskala datasenter i Fyresdal (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

35067100

Også i nærheten

  1. Folkestadbyen

    I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…

    360 m Unna
  2. Fyresdal bygdemuseum

    Besøk Fyresdal Bygdemuseum i Øyskogen i Fyresdal sentrum. Et av Norges eldste bygdetun…

    422 m Unna
  3. Russvassdammen

    Besøk Russvassdammen i Borggrend i Fyresdal. Opplev den restaurerte nåledammen i stein…

    7.97 km Unna
  1. Våmur Utkikkspunkt

    Opplev Våmur utsiktspunkt mellom Fyresdal sentrum og Kilegrend. Nyt utsikten 400 meter…

    10.96 km Unna
  2. Hesteeventyr - Fyresdal vill og vakker

    Opplev rideturer, fiske, kanopadling og overnatting i naturskjønne omgivelser hos…

    12.33 km Unna
Previous Next

Sist viste

  1. Topptur til Bindalsfjell 929 moh*, Kilegrend, 4 timar/7 km

    Type

    Friluftsliv

    Køyrer inn forbi Øyne Camping og tek til høgre inn ein bomveg inn Bindalen. Set att ein bil ved det…

  2. Litt sterkare med idrettslaget

    Type

    Sport

    Vil du legge ned litt innsats for å bli ei betre utgåve av deg sjølv? Bli me når Fyresdal…

  3. Bridge på frivilligsentralen

    Type

    Andre arrangement

    Ein gong i veka - kvar torsdag frå kl. 18.00 - er du velkomen til Fyresdal frivilligsentral for å…

  4. Språkkafé på biblioteket

    Type

    Andre arrangement

    Vi steller i stand til språkkafé på biblioteket. Målet er å ha samtaler på norsk rundt ein tekst,…

  5. Servering av asiatisk mat i Øyskogen

    Type

    Marked

    Servering av asiatisk mat i Øyskogen. Det blir sal av asiatisk mat ved Marife: vårullar, nudlar,…

  6. Lesesirkel på biblioteket

    Type

    Andre arrangement

    ‘Bokfinkane’ møtast som oftast fyrste måndagen i månaden, kl. 18. I sofakroken pratar dei om bøker…