
År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gått sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for findalslaft eller findalshogg, som berre i nokre få tilfelle har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349.
Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder «Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)», og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Dei siste prøvene som er tatt av loftet syner at det truleg er frå 1182 eller få år etter. Tidlegare datering til 1167 viser seg å vere feil. Ein har no betre datagrunnlag og tolkingsmetodar enn tidlegare, og me har også eit langt breiare prøvemateriale.
Stålekleivloftet er ein høg og staseleg bygning i dag, men opprinneleg var denne endå meir imponerande. Undersøkingar viser at det opprinneleg var ei takhøgde på vel tre meter i andre høgda, altså 60 cm høgare enn i dag.
Rundt 1225 blei truleg sidesvalar etablert. Frontsval og muligens også sval på baksida har det vore frå starten.
Kring 1670 blei det utført ulike vølingar på loftet, og neste inngripande endring var då loftet vart lyft opp frå bakken og sett på stabbar og grime. Dette var i 1772. Dei to omfara i andre høgda har mest sannsynleg blitt teke bort i 1772.
Rundt ca.1810 vart loftet plukka ned og sett opp att på garden Uppistog Vindlaus. Svalgangen vart ikkje gjenoppbygd og novarmane vart ståande att. Dette ser me restar av i dag.
No er planen å reetablere svalgang for betre å beskytte mellomaldertømmeret frå vær og klimaendringar. Det som då går tapt er den kjende utsjånaden med eit loft der berre rester av svalgang og front står att. Ingen inngrep blir gjort i mellomaldertømmeret.
Sjå 3D-modell av Stålekleivloftet: Stålekleivloftet 3D
Alderen er ikkje det einaste som er spesielt med loftet. Ifylge folketrua er bygningen det fyrste loftet som vart sett opp i Eidsborg, og det var ikke for kven som helst. Rundt 1200 eigde Åse Stålekleiv det meste av bygda, og var særdeles rik. Ho trengde ein stad å huse alt linet sitt, så sønene hennar bygde eit stort loft til dette formålet. Difor er loftet i daglegtale kalla Stålekleivloftet. Området ved loftet vart etter kvart ein eigen gard, kalla Lofthus. Derifrå vart loftet flytta til Vindlaus.
Åse er ikkje ein historisk dokumentert person, men det er fleire nedteikningar av segner om henne på 1800-talet. Stålekleiv er ein faktisk gard ovanfor Myklejord i Eidsborg på kanten av berget ned mot Bandak.
Utforsk Eidsborg stavkirke! En 800 år gammel kulturskatt. Nå datert til før 1150! Se…
Oppdag Vest-Telemark Museum! Se Eidsborg stavkirke, Stålekleivloftet (1167),…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Besøk Norsk Skieventyr i Morgedal – skimuseum, skisimulator, vasspark og utstillinger om…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…