
Telemarkfestivalen 2026
6. – 9. august
Fy fela som me gleder kånn til Telemarkfestivalen 2026 – den 37. i rekkja! Me gleder kånn til eit mangfaldig og godt program med mykje flott folkemusikk: me gleder kånn til to spennande tingingsverk og fleire andre konsertar som me har laga heilt sjølv, me gleder kånn til intime konsertar og hyggeleg samvær i Bakgården, me gleder kånn til ein råtøff fredagskveld på Kroa i Bø, me gleder kånn til yrande folkeliv på Torgfestivalen, me gleder kånn til laurdagsmoro og Vest-Telemark-fest i Sandvinparken, me gleder kånn meistermøte i Borgjakonserten på Evju bygdetun – me gleder kånn rett og slett til å skipe til ein fantastisk festival med mange unike og magiske augneblinkar!
Telemarkfestivalen har eit mål om å alltid balansere ivaretaking og nyskaping og trur at det tradisjonelle og det moderne er gjensidig avhengige av kvarandre. «Å ta vare på er å ta i bruk» som Knut Buen pleier å seie. På Telemarkfestivalen lovar me eit alltid like spennande møte mellom då og no; mellom fortid og framtid, fordi me trur at tradisjonen skal både nyttast og brukast. Folkemusikk kjem frå ein stad og skal ein plass som ingen helt veit, men på vegen dit skjer det fantastiske ting – til dømes på Telemarkfestivalen 2026!
Torsdag 6. august
Kl. 19:00 – 20:30, Gullbring kulturhus: Telemarkfestivalen 2026 vil bli opna med tingingsverket «Viser frå før» med Tone Steinstad og hennar musikalske familie: dotter Gunn Steinstad, barnebarna Eivind, Sigrid og Håkon Aase og oldebarnet Gunnhild Aase – fire generasjonar på same scene! Overraskingar kan kome!
Frå kl. 20:00, Bakgården: Ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss med Torgeir Gullbekk Hansen som kvissmeister etterfølgd av jam utover kvelden.
Kl.21:00 – 22:30, Konsertlåven: Perkusjonist Erland Dahlen presenterer tingingsverket «Hornblend». I dette tingingsverket ønskjer Erland Dahlen å undersøke i kva grad ein kan overføre ornamentikken, og dynamikken frå det melodiske og klangrike slåttespelet til eit reint perkusjon-orientert uttrykk. Tingingsverket går saumlaust over i konsert med Erland Dahlen og strengemagikar, Geir Sundstøl.
Fredag 7. august
Kl. 17:00 – 18:30, Bakgården: Mange ønskjer vert oppfylt når amerikanske Sam Amidon kjem til den hyggelege opnar festivalfredagen med intim konsert i Bakgården. Amidon nyttar seg av fele, gitar og banjo med frie arrangement, uventa harmoniske grep og ei særeigen, uttrykksfull stemme.
Kl. 19:00 – 20:45, Gullbring kulturhus: Den tradisjonelle Opningskonserten er ein musikalsk konfekteske med spennande og mangfaldige innslag frå festivalprogrammet. I årets opningskonsert vil me møte dei meritterte folkemusikarane Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Åsmund Solberg og Johanne Flottorp, der sistnemnde òg vil framføre Haugerud-slåttar for fleire stemmer i lag med Sunniva Langås-Røiland. Me vil møte visesongar Marie Tveiten frå Seljord og Sam Amidon med særeigen blågras frå Vermont i USA. Me vil møte Magnhild Garnås Haugen og Audun Rørmark med band som vil presentere deira tolkingar av nokre låtar frå den legendariske plata «Rosensfole» frå 1989. Me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som viser seg fram med song, dans og spel– og sist men absolutt ikkje minst: me vil møte Spelemannslaget Bøheringen, og dansarar frå Bø dansarring og Nes nasjonale dansarring som avsluttar kalaset. Statssekretær i Kulturdepartementet, Trude Storheim, vil formelt opne årets festival, medan skodespelar Ida Ursin-Holm vil leie oss gjennom konserten med stødig hand!
Kl. 21:00 – 01:30 – FredagsFOLK på Kroa i Bø: Knalltøff konsertkveld med det som kjem til å bli tre fantastiske konsertar. Rosensfole 2026 med Magnhild Garnås Haugen og Audun Rørmark med fleire tolkar den legendariske plata «Rosensfole» frå 1989. Den dansk-kurdiske gruppa AySay vil få dansegolvet til å koke og kvelden vert avslutta med lettare psykedelisk og vindskeiv folkemusikk frå supergruppa Reolô. DJ Daeva snurrar plater med musikk frå alle verdshjørne gjennom kvelden.
Laurdag 8. august
Kl. 11:00 – 16:30, Bø torg: Torgfestivalen – ein festival i festivalen har blitt svært populær! Det vil som vanleg bli ein flott dag med gratiskonsertar, marknad, Roheim-parade og artige aktivitetar for store og små! I år er presenterer me den heilt nye familieframsyninga, «Troll på sparket» - eit spennande eventyr, der publikum vil vere med å styre innhald og retning.
Kl. 13:00 – 14:00, Bø bok og papir: Eilev Groven Myhren presenterer doktorgradsarbeidet sitt i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen. Groven Myhren dreg liner frå norsk folkemusikk til dei djupaste strukturane i tonen sjølv. Han er barnebarn av Eivind Groven som er ein sentral inspirasjon for forskinga hans.
Kl. 15:00 – 16:30, Konsertlåven: Fire godt meritterte utøvarar frå Agder møtast i Konsertlåven - nemleg Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Johanne Flottorp og Åsmund Solberg. Her blir det tett mellom tidlause folkemusikkslagarar, ordspel, slåttespel og høg allsong-faktor!
Kl. 17:00 – 18:30, Gullbring kulturhus: Programposten «Songliner» er ny av året, og er mynta på møte mellom folkesongarar. I år kan me by på eit møte mellom Øyonn Groven Myhren, Aasmund Nordstoga, Odd Nordstoga og Ingvill Buen Garnås. Dette blir òg eit felles minneprogram for mødrene deira, som alle gjekk bort i 2024: Dagne Groven Myhren, Ellen Bojer Nordstoga og Agnes Buen Garnås.
Kl. 19:00 - 01:00 – LaurdagsFOLK i Sandvinparken: Laurdagskveld og skikkeleg Vest-Telemark-fest i Sandvinparken med konsertar med Odd Nordstoga, Marie Tveiten og E-76!
Sundag 9. august
Kl. 11:00 – 14:30, Evju bygdetun: Spennande kurstilbod: Kurs i kveding, kurs i spel på blågras-gitar, kurs i hardinfele, kurs i rosemåling og kurs i plantefarging av garn!
Kl. 11:00 – 12:30, Slettelibergja: Kulturtur til Slettelibergja i lag med Bø turlag og unge utøvarar frå Folkemusikk fordjuping. Felles oppmøte på parkeringa i Liheia.
Kl. 13:00 – 14:30, Bø gamle kyrkje: I høve Eivind Groven sitt 125-års jubileum møtast Øyonn Groven Myhre, Ottar Kåsa og Lars Henrik Johansen til konsert i Bø gamle kyrkje. Møtet mellom kveding, hardingfele og harpsikord vil skape eit klangleg landskap som løftar fram nye sider ved Groven sin musikk.
Kl. 15:00 – 16:30, Nye Sjodar: Det vert eit realt meistermøte når Alf Tveit og Håkon Høgemo møtast i den tradisjonsrike Borgjakonserten i Nye Sjodar på Evju bygdetun.
Kl. 18:00 – 19:30, Bakgården: Telemarkfestivalen 2026 vert avslutta med ein intim konsert med visesongaren Jonas Alaska og hardingfelespelar Johanne Flottorp i Bakgården.
| Midt-Telemark (6 Aug 2026 - 9 Aug 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Torsdag - Søndag | 19:00 | - 23:45 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Opplev Vrangfoss sluser – kronjuvelen i Telemarkskanalen. Et imponerende teknisk…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling fredede arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
Opplev Heddal Bygdetun med 15 historiske bygg fra middelalderen og frem til 1930, unike…
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…