Utforsk Telemark

EN

NO

Staulsdag på Selstali

Gausdaleveien 960, 3660, Rjukan
Product Image

Om

-Om Gausta var graut og Tinnsjøen saup, eg åt meg ikkje mett, sa trollet.


Set av datoen 2.august. Då skipar me til støylsdag att. I år blir det på Selstali Seter i Tinn, som ligg heilt innunder mektige Gaustatoppen.
Marit Røysland og Håvard Vågen er no tredje generasjon som driv samanhengande støylsdrift på Selstali. Dei foredlar mjølka av kyrne på støylen og er kjende for gode støylsprodukt og framifrå god rjomegraut. Mor til Marit, Nanfrid Røysland har vore budeie på Selstali i mange år og har utvikla både foredlinga og serveringa på støylen. Før Nanfrid, så var det farmor til Marit, Margit Røysland som var budeie der.

Det er stor stas for Vest-Telemark og Telemark Bonde- og Småbrukarlag og no få ynskje folk velkomne til endå ein støylsdag på denne historiske støylen. Det er ekstra gildt at både Landbruksministeren og leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag kjem i år også.

Hjarteleg velkomne, me blir nok både mette og nøgde på Selstali 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Åpningstider

Kl. 12.00 (2 Aug 2026)

Ikke gå glipp av